Satsar på teknologiskule på Askøy

Diskusjonen om innhaldet i ny vidaregåande skule på Askøy vil rektor Oddvar Skråmestø ta seinare. No gjeld det å få bygd skulen.

TAF-program etter modell av dei dei har ved Knarvik vidaregåande, står på rektor Oddvar Skråmestø si ønskjeliste, men den diskusjonen med fylkeskommunen si opplæringsavdeling vil han ta seinare.

– Det er naturleg å tenkja teknologi no når den nye vidaregåande skulen på Askøy skal byggjast, seier rektor Oddvar Skråmestø ved Askøy vidaregåande skule. Den nytilsette rektoren nytta gårsdagens næringskonferanse til å dra på friarferd til næringslivsleiarane i kommunen om framtidige samarbeid.

– Dagens ungdom treng kontaktar i næringslivet for å avgjera kva dei skal verta. Dei treng røter, seier Skråmestø.

900 elevar
Det vert ikkje noko av planane om eit nytt prestisjebygg på Kleppestø kai. Dagens skule på Myrane skal i staden utvidast med eit nytt verkstadbygg på 10.100 kvadratmeter. Samstundes skal det noverande teoribygget få ei lenge etterlengta rehabilitering, vedtok fylkesutvalet i Hordaland nyleg.

Vedtaket inneber at talet på elevar vert auka frå dagens 560 til kring 900. Det endelege elevtalet skal avgjerast av fylkestinget i neste veke og vil avhenga av om skulen får fem eller seks parallelle klassar innan studiespesialisering.

470 millionar
Ferdig rehabilitert skal skulen også gje plass til den kommunale vaksenopplæringa og til elevar i Askøy, Sotra og Bergen Vest med behov for tilrettelagt opplæring.

Heile ombygginga er kalkulert til 470 millionar kroner og skal etter planen stå ferdig i 2022. To – tre år før nye Sotra vidaregåande.

Les: Trur kunnskapsklynge er rett svar

Yrkesfag
Det nye, rommelege verkstadbygget vil medføra ei vesentleg styrking av yrkesfaga samanlikna med dagens situasjon. Verkstadbygget vil gje plass til 390 elevar innan dei fire  programområda bygg og anlegg, elektro, helse og oppvekst og teknikk og industriell produksjon, fortel Skråmestø.

Tilpassinga til den nye, reviderte læreplanen frå 2020 inneber at samtlege programområde vil få eit vesentleg innslag av teknologi. Det vil også gjelda helsefaga, der innføring i ny velferdsteknologi skal stå på timeplanen.

Fleire av næringslivsleiarane i salen tok til orde for at skulen bør få ei sterkast mogeleg satsing på teknologi, mellom anna i form av eit eige TAF-program for elevar som ønskjer å kombinera teknisk opplæring med studiekompetanse.

TAF-tilbodet står på rektor si ønskjelista, men den diskusjonen med fylkeskommunen si opplæringsavdeling vil Skråmestø likevel avventa.

Fleksibelt bygg
– Det har vore planar om å byggja ut Askøy vidaregåande i 15 år, men det har berre blitt skyvd på, mellom anna på grunn av diskusjon om lokalisering. No som vi får eit vedtak om romprogrammet, må vi sitja musestille i båten og sørgja for at skulen vert bygd, så får vi ta diskusjonen om endeleg innhald seinare, seier Skråmestø.

– Vi skal byggja ein skule som er så fleksibel at han kan nyttast til kva som helst. Dette vert eit bygg som skal kunna nyttast i 40 år, legg rektor til.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.