Straumsundet AS kastar korta

Eit kapittel i den lokale mediehistoria er iferd med å avsluttast.

Måsen har vore Tunnelsyn sitt kjenneteikn. Symbolet på ein fri medikanal som ønska å sjå hendingane ovanfrå.

Straumsundet AS, verksemda som gjev ut nettavisa Tunnelsyn.no, valde sist veke å melda oppbud til Føretaksregisteret i Brønnøysund.

Oppbudet er ei bekrefting av at påstanden om at det kan vera knallhardt å vera gründer. 4.557 norske verksemder gjekk konkurs i fjor. Berre 27 prosent av alle nystarta verksemder er framleis aktive etter fem år.  Straumsundet AS rakk så vidt å fylla tre år før gründaren valde å kasta korta.

Verksemda vart stifta for å transformera bloggen Tunnelsyn til den kommersielle nettavisa Tunnelsyn.no og skapa nye lokale arbeidsplassar innan mediebransjen.

Sotra, Øygarden og Askøy er framoverlente kommunar med høg aktivitet på mange område. Noko av motivasjonen for etableringa låg i at det innhaldsmessig sett var eit betydeleg rom for å auka breidda og mangfaldet i den lokale nyhendestraumen. Eg er ubeskjeden nok til å påstå at nettavisa Tunnelsyn.no i den tida ho har eksistert, har bidrege til at innbyggjarane i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy i dag kan gleda seg over eit meir nyansert nyhendebilete enn for tre år sidan.

Det har vore tre travle år, utan fast arbeidstid og til tider med jobbing døgnet rundt. Det har vore svært lærerike og utfordrande år. Eg har hatt gleda av å møta mange hyggelege menneskjer som har hatt interessante og tankevekkjande historier å fortelja. Takk til alle dykk som har vald nettavisa Tunnelsyn.no som kanal for å formidla bodskapen dykkar.

Mottoet: ”På innbyggjarane si side” har vore ei rettesnor for redaksjonelle prioriteringar og val av vinkling. Verdigrunnlaget har ikkje gått like godt heim alle stadar. Tvert om har det i einskilde miljø vekt reaksjonar som mest av alt har fortont seg som ein boikott, og som særleg har kome til uttrykk når det gjeld motvilje mot annonsering. Takk til dei som likevel har vald å støtta nettavisa.

Ein jamn auke i lesartala viser at nettavisa innhaldsmessig har vore på rett spor. Takk til alle lesarane som har følgt nettavisa.

Nettavisa Tunnelsyn.no har vist at det går an å driva kvalitetsjournalistikk utan store, kostbare investeringar. Gründeren har heile tida sett tæring etter næring, og var innstilt på at det ville ta ei tid å innarbeida publikasjonen.

Utan nokon form for støtte, og når inntektene etter tre år ikkje dekkar dei relativt beskjedne kostnadane, er det på tida å sjå realitetane i kvitauga. Berre gründaren sjølv vil tapa pengar på konkursen. Tre år utan eit øre i løn er lenge. Berre prøv, dei som har anledning.

Advertisements

5 Comments

  1. Dette var trist og leit Liv. Du har vært dyktig og vært viktig for innbyggerne og den frie pressen. Hva nå når vi ikke lenger har noen avis » på innbyggernes» side?.

    Likar

  2. Nei dette var ikke kjekt. Du har i ett og alt vært på innbyggerne sin side. Har hatt mange gode intervju med folk. Fortalt fra «kommunen» det andre ikke har latt oss få vite. Kommer til å savne «avisen». Takk for det du har levert, Liv.

    Karin Thorgrimsen

    Likar

  3. Kven skal no vera «på innbyggjaranesi side» når monopolet på lokale nyhende er tilbake ? Dette var ei trist melding.

    Likar

  4. Liv
    Dette var ikkje kjekt. Du har vore ein viktig nyheitskanal for meg og mange andre. Men takk skal du ha. Lukke til vidare.

    Likar

  5. DETTE VAR DA ET SVÆRT TRIST BUDSKAP. Veldig viktig å ha alternative kanaler for nyhetsformidling.
    Nå er vi tilbake til Vestnytt sine prioriteringer….. et stort tap 😦

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.