To alvorleg skadd i arbeidsulukke på lakseterminal

Hav Line Gruppen fekk påtale frå det danske Arbejdstilsynet etter at seks arbeidarar kom til skade då eit betongdekke i lakseterminalen i Hirtshals kollapsa.

Det var 14. mai i år at delar av eit betongdekke i Hav Line AS sin lakseterminal i hamna i Hirtshals braut saman under støyping i samband med renoveringa av terminalbygget, i følgje Nordjyske.dk.

Fire meter ned
Seks bygningsarbeidarar som var opptekne med å støypa det 50 tonn nye betongdekket utanpå det gamle, vart rivne med då delar av betongdekket kollapsa og fall fire meter ned til bakken. To av arbeidarane vart alvorleg skadde og kan sjå fram til ein langvarig rekonvalsensperiode. Dei fire andre slapp unna med mindre skader.

– Eg vurderer dette som ei svært alvorleg arbeidsulykke. Det er store krefter i spel, og det kunne lett ha enda langt meir alvorleg, seier tilsynssjef Martin Skåing i det danske Arbejdstilsynet til Nordjyske.dk.

Påtale frå Arbejdstilsynet
Byggherren, norske Hav Line Gruppen AS, som vert delvis eigd av Sekkingstad-familien, er ein av tre verksemder som har fått påtale frå det danske arbeidstilsynet i kjølvatnet av den alvorlege arbeidsulukka. Hav Line Gruppen fekk strakspåbod om ikkje å tillata arbeid på og under ein usikra stålkonstruksjon.

Menneskjeleg feil
Tekniske undersøkingar i etterkant har avslørt at entrepenøren hadde gjort feil i berekningane av konstruksjonen. Boltane som skulle halda på plass betongdekket var underdimensjonerte i forhald til vekta av det forsterka betongdekket, har entrepenøren medgjeve, ifølgje Ing.dk.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.