For hageeigaren gjeld det å tøya rosesesongen så lenge som råd. Tidlegblømande sortar kan det aldri verta for mange av.

Det tek ein heil, lang sommar å driva fram ei einsleg stilkrose av sortar som Ingrid Bergman, Superstar eller Goethe. Ofte faldar dei ikkje ut sine store, vakre, velduftande kronblad før uti august. Dimensjonane over desse rosene, samanlikna med det meste anna som kan veksa og gro i ein vestnorsk hage, får einskilde til å oppfatta dei som vulgære. I mine auge er stilkrosene krevjande, sjeldne og nærast for franskinspirert rokokko å rekna.
Filosofi til side. I ventetida gleder hageeigaren seg storleg over dei mange tidlegblømande rosesortane.
Spinosissima
At rugosarosene blømer tidleg tør vera kjend for dei fleste. Spinosissima, eller pimpinellifolia som dei og vert kalla, er ei meir ukjend slekt som med fordel kunne ha vore langt meir utbreidd i norske hagar.

Trollrosa, som veks vilt på Bømlo, er noko så sjeldant som ein norsk spinosissima. På andre sida av Nordsjøen finn vi langt fleire sortar, ifølgje den britiske roseeksperten Peter Boyd. Den naturlege utbreiinga har ført til at spinosissimaslekta også vert kalla skotske roser.
Les: Botanikar fann gull på Løkling
Hardføre

Naturleg seleksjon og relativt god plass, kombinert med tilgang til eit breidt utval sortar hos Nautesund Plantesal, har ført til at rosehagen på Straume opp gjennom åra gradvis har blitt supplert og utvida med eit utval spinosissimasortar og –hybridar.
Ikkje berre blømer dei tidleg. Dei har også vist seg å vera sjeldant hardføre og riktblømande. Nokre dufter i tillegg herleg.

Den nordiske sommarnattsintensiteten i dei små, mørkegrøne blada røpar spinosissimaen i rosehagen, også utanfor den relativt korte blømingstida.
Først ut i denne spesielle, solfylte Vestlandssommaren var Spionossima Plena, ofte kalla Finlands Hvita Ros. Alt i slutten av mai var den spinkle busken dekka av små, opne, kvite roser med gult auga og som spreidde ei fantastisk duft kring seg.
Fargerik

At spinosissima kjem i mange fargar fekk eg sanna alt dagen etter. Gule Hugenos og raude Mrs. Colewill med dei kvite augene viser noko av fargespekteret.
Då den namnlause hybriden like etter stod full av rosa blomar, kjende eg at sommaren verkeleg var i ferd med å ta av.
Les: Som ei rosa sky

Spinosissimarosene er einkle, opne og vanlegvis små. Eit unnatak frå det siste er Aïcha, som byr på store, gule roser.
I likhet med dei fleste andre historiske roser, remonterer Spinosissima ikkje. Til gjengjeld veks mange av dei på si eiga rot, slik at hageeigaren kan ta rotskot og driva fram stiklingar til glede for slekt og venar.
Les: Lag dine eigne roser
Andre sortar

Av andre tidlegblømande rosesortane på Straume dette året, som ikkje tilhøyrer spinosissimaslekta, vil eg nemna piggtrådrosa, Louise Bugnet, Moyesii og Glauca.

Mine erfaringar med spinosissima er få og spreidde. Peter Boyd har over 300 sortar, og hagen hans har status som ei nasjonal samling. Her kan du lesa hans mange vitskaplege artiklar om spinossima (på engelsk).
1 Comment