Ei underleg Jonsokafta

Det var noko som mangla her på Straume denne Jonsokafta.

Ingen har som Nikolai Astrup klart å fanga magien i ein tradisjonsrik Jonsokkveld på Vestlandet. (Illustrasjon Wikipedia Commons).

Markeringa av Jonsok – solsnu midtsommars – har lange tradisjonar på Sotra, som i resten av landet. Gårsdagen vart i så måte ei underleg og tankevekkjande oppleving her på Straume.

Ikkje fordi det var yr i lufta. Som Sotrastrilar flest har eg gjennom generasjonar utvikla ein toleranse for langt meir valdsame regnskurar enn dette varsame drisselet.

Ikkje fordi 11 kjølige grader freista til å henta inn ved og fyra opp i omnen.

Heller ikkje fordi hageeigaren denne underlege sommaren kunne henta inn eit vell av ulike roser til å pynta opp innandørs på Jonsokkvelden. Ei glede som tidlegare år først har sprunge ut i full blomst langt seinare på sommaren. Kan hende likevel eit varsel om kva som er i ferd med å skje?

Nei, det var noko som mangla, og som fekk hageeigaren til å filosofera over den gamle ogso den nye tid her i bygda som våre lokale makthavarar har utpeika til eit tilsynelatande evig anleggsområde, og som dei attpåtil insisterer på å kalla ein ”kystby”.

Tradisjonen tru har Sotrastrilen markert Jonsokafta med bålbrenning. Slik har det og vore her på Straume. Enten det no har vore sønnavind eller nordavind, røyken frå Jonsok-båla har pleid å driva tjukk og kvit gjennom Straumsundet denne kvelden og fylt lufta med ei karakteristisk lukt av brent tre og tjøre.

Ofte er det med detaljane, som med prikken over i-en. Manglar han, er det noko som skurrar.

Det var bålrøyken i Straumsundet eg sakna i går kveld, og som fekk meg til å stoppa opp. For første gong det eg kan minnast var det inga lukt av bålbrenning og brent tre som varsla at sola har snudd og at Sotrastrilen snart må byrja stålsetja seg til enno ein lang, våt vinter.

Få tiår tilbake var Jonsok-bålet Sotrastrilen sitt verdige farvel med tidlegare generasjonar sine velbrukte, utslitne færingar. Moderne bruksbåtar vert laga av plast, og må reknast som spesialavfall. Trebåtane vert det stadig lengre mellom. Dei få færingane som no er att, vert stort sett ivaretekne på museum, eller har blitt flytta inn under glastaket til Thon.

Sjølv kystlandskapet vert endra. Ein for ein har dei tradisjonsrike bålplassane på Straume blitt nedbygde av asfalt og betong.

Sotrastrilen veit ikkje kva han har, før han har mista det, er det eit uttrykk som seier. Å hevda at kystkulturen er under press, er eit understatement.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.