”Kommune-Kari” får bratt læringskurve

Fjell kommune har hyrt inn ”Kommune-Kari” til å ta kveldsvakta på Sørvistorget. Kan robotar verkeleg erstatta kundemedarbeidarane?

(Saka er oppdatert).

Merksame databrukarar har kan hende alt oppdaga eit nytt ikon nederst til høgre på heimesidene til Fjell kommune. ”Kommune-Kari” er ein sokalla talerobot utvikla av Sem & Stenersen Prokom AS i samarbeid med Stavangerverksemda Boost.AI.

Datamaskina svarar
Det er ikkje alltid like einkelt å koma gjennom på telefonen på rådhuset. Tanken bak ”tilsetjinga” av ”Kommune-Kari” er at fjellsokningane i staden skal kunna få svar på einkle spørsmål frå datamaskina, heile døgnet.

Innbyggjarane skal kunna skriva inn spørsmåla sine på vanleg norsk. Dialekt og stavefeil skal ikkje vera noko hinder. I teorien skal dei få vetuge svar frå taleroboten, akkurat som om dei hadde prata med ein sakshandsamar av kjøt og blod.

Ein lærande robot
Ein talerobot fungerer på grunnlag av algoritmar for kunstig intelligens og maskinlæring. Det vil seia at Kommune-Kari gjennom dei spørsmåla ho får gradvis vil tileigna seg meir kunnskap, slik at ho etterkvart vert istand til å svara på meir krevjande spørsmål. Akkurat som ein vanleg nytilsett, med andre ord…

Levarandørane skrur forventingane til skyene:

-Kari kan kommune. Svarbasen til Kari inneheld det meste du lurer på om kommunar generelt, i tillegg til at ho hentar ut lokal informasjon om din kommune, hevdar leverandørane på heimesidene sine.

Bratt læringskurve
Kommune-Kari får ein bratt læringskurve her i Fjell. Publikum kan ikkje forventa å få fornuftige svar på alt dei spør om, i alle fall ikkje no i startfasen, avslørte den einkle testen Tunnesyn har utført.

Taleroboten veit at ordføraren i Fjell heiter Marianne Sandahl Bjorøy. Spørsmålet om hjelp til å finna eit kart for Søre Straume, forstår ho ikkje. På spørsmål om når siste skuledagen var på Tellnes skule, viser ho til skuleruta for Fjell.

Vil ha tilbakemelding
-Verktøyet er under utvikling. Alt er ikkje utprøvd enno, skriv Grethe Bergsvik som for tida er konstituert som sjef for sørvistorget i ein epost.

På rådhuset vil dei svært gjerne ha tilbakemelding på kva spørmål fjellsokingane ikkje får svar på, og kva spørsmål Kommune-Kari svarar feil på.

Det er spørsmåla fjellsokningane har som vil avgjera kva type informasjon som vil verta lagt inn, skriv Bergsvik.

Etterkvart vil stadig fleire få svar på nynorsk, lover sjefen for sørvistorget.

Velvilje
Forsking på området viser at ei vellukka innføring av nye teknologi for ein stor del avheng av dei tidlege brukarane sin velvilje. Det skal verta interessant å sjå om fjellsokningane har større tolmod med datateknologien enn med sentralbordet på rådhuset.

Førebels berre testar Fjell kommune den digitale teknologien. Testen inngår i kommunen si utprøving av digitale tenester og er meint å vara i tre månadar, i følgje Bergsvik.

Om tenesta vil verta eit permanent tilbod, avheng mellom anna av om taleroboten verkeleg klarar å bidra til å effektivisera den kommunale sakshandsaminga.

Fjell testar ut Kommune-Kari i samarbeid med ei rekkje andre norske kommunar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.