Energi- og klimaplanen smeltar vekk i sommarvarmen

Dei som ønskjer å levera merknadar til høyringsutkastet til handlingsplan for energi, miljø og klima for Fjell vert nøydde til å ta ferien til hjelp.

– Fjellsokningane må få kjennskap til innhaldet i handlingsplanen for energi, miljø og klima, seier Lena Svalastog Garnes (tv), Odd Valvatne (A) og Hanna Gjesdal.

Handlingsplanen for energi, miljø og klima peikar framover mot Fjell som eit lågutsleppsamfunn i 2050. Innan 2020 skal kommunen ha redusert utsleppa av klimagassar med minst 20 prosent samanlikna med 2016. Ti år seinare skal utsleppa av CO2-ekvivalentar har blitt kutta med ytterlegare 20 prosent.

Må kutta
I eit lågutsleppsamfunn slepp kvar innbyggjar ut i snitt mindre enn to tonn CO2-ekvivalentar i året. Dit har Fjellsamfunnet enno eit stykke att å gå.

Klimagassutsleppa aukar, framkjem det av energirekneskapen. Sett i lys av folkeveksten, går utsleppa per hovud likevel rette vegen. Kvar fjellsokning slepp i dag ut 3,8 tonn CO2-ekvivalentar. Det er 1,6 tonn mindre enn i 1991. Drivstoff er største kjelda til utslepp, seier Odd Valvatne (A) som har vore saksordførar for planen.

Mange føringar
Planen vil leggja føringar mellom anna for framtidig bustadbygging, bilkøyring og kollektivtransport. For å nå måla vert det lagt opp til gjennomføring av konkrete tiltak innan areal- og transport, klimaendring og klimatilpassing, energieffektivisering og energibruk og miljø og forureining, ifølgje Valvatne.

Sommarhøyring
6. juni vedtok Komité for Drift og forvaltning å senda framlegget til handlingsplan ut på høyring. Frist for uttale er 6. august.

Skuleferien er tradisjonelt ei dårleg tid for demokratiske prosessar. Folk er opptekne av ferie og uteliv. Politiske høyringsrundar har ein tendens til å smelta vekk i sommarvarmen. Noko som vart bekrefta av at berre to personar, rett nok svært engasjerte, møtte på folkemøtet 27. juni.

Hastverk
Den nye kommunen skal vera eit faktum om halvanna år. For å verta ferdig, har ønskjet om framdrift blitt prioritert, i følgje rådgjevar Hanna Gjesdal i Fjell kommune

Prioriteringa førte til at planlegging av prosessen vart korta ned med kring eitt år. Då dette er ein handlingsplan, og ikkje ein kommunedelplan, har ein kunna kutta den tida som elles ville ha gått med til lokaldemokratiske prosessar i forkant, i form av utarbeiding av planprogram, med tilhøyrande høyringsrundar.

Alt i september er det meininga at planen skal endeleg behandlast av kommunestyret.

-Folk må få vita
Valvatne forstår at folk kan hende reagerer på at planen vert lagt ut på høyring i skuleferien.

– Eg ser for meg at vi, etter at kommunestyret har vedteke planen, skal gå ut og informera om innhaldet i planen. Så får folk i det minste vita om det, seier Valvatne.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.