Helgeturen: Båtturist for ein dag

Ein båttur til Skjerjehamn vert ei reise i smult farvatn, innaskjers.

Gjennom Kjelstraumen.

Dei som ønskjer å setja sjøbein i ferien har dei siste åra fått fleire nye lokale tilbod å velja mellom. Skjerjehamn i Gulen er første stopp for Sognabåten, og eit fint alternativ for ein halvdagstur frå Bergen.

Gløtt av den historiske handelsstaden, med hotel og kafé. Uteservering på kaien.

 

På den halvannan times lange reisa feiar snøggbåten under høge bruer gjennom smale Alverstraumen og Kjelstraumen. Det frodige landskapet minnar meir om fjordar enn om kyst.

Statua av Olav V er eit landmerkje for Skjerjehamn.

Vel framme i Skjerjehamn helsar statua av Kong Olav V, laga av bilethoggaren Knut Steen, velkomen. På land ventar kafé, landhandel og utstillingslokale.

Skjerjehamn vert eigd av Firda Seafood. Det er vanskeleg unngå å få med seg informasjon om norsk oppdrett og lakseeksport.

For dei som ønskjer å overnatta ventar eit historisk hotell som vitnar om den gamle handelsstaden Skjerjehamn si glanstid på 1920-talet. Den gongen møttes heile 17 ulike båtruter her, ifølgje Wikipedia. I dag kjem snøggbåten innom to gongar for dagen.

Skjerjehamn er representasjonsstaden til Firda Seafood AS og Ola Braanaas. Dei som vil vita meir om norsk oppdrettsnæring og lakseeksport, kan få ein første innføring her. Det er også mogeleg å førehandstinga ribtur til eit visningsanlegg.

Snøggbåtruta legg i utgangspunktet opp til ein times opphald før retur til Bergen. Snakkar du fint med billettøren, får du vita at heimreisa kan utsetjast – til kvelden, eller til neste dag.

Fleire helgeturar finn du her.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.