Vekas rose: Bleu Magenta

Den mest intense rosesommaren eg kan minnast.

Bleu Magenta er ei av Austin sine klatreroser.

Roseknoppar i hundretal, ja tusental, har hatt ideelle tilhøve for å kunna falda seg ut og gleda hageeigaren så langt denne minneverdige sommaren.

Dei blå rosene er reservert eit eige område i hagen. Bleu Magenta har så langt vist seg å vera den mest vellukka. Austin-klatraren får store klasar av djuplilla roser med gule støvbærarar. Rosene gjer mykje av seg og står relativt lenge, samanlikna med dei meir vassblå Donau og Weilchenblau.

Riktblømande.

Sommaren har gjeve eit varsel om komande års blomeprakt.  Framleis har klatrerosa nokre meter att før ho når makslengda på 6 meter. Ein optimistisk hageeigar øynar ein ny riktblømande fargeeksplosjon i hagen, på linje med Lykkefund, Mme. Plantier, Variegata di Bologna og Pauls Himalayan Musk.

Blikkfang. Hageeigaren sin framtidsdraum. Denne er foreviga i hagen til Håkon Osland, Bjordal, sommaren 2014.

 

Her kan du lesa ein tidleg oppsummering av hageeigaren sine erfaringar med blå roser:
Blå netter, blå roser

Mange andre roser – og hagar – fortenar å verta framheva. Her finn du alle artiklane mine om roser og hageanlegg.

 

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.