Full steam på fjorden

Båtglade strilar og bergensarar vil få ei nostalgisk påminning om fjordabåtane si glanstid neste veke.

MS Vestgar er ein av dei nyaste fjordabåtane. Bygd i 1957 gjekk han i rute til dei den gongen veglause øyane i Øygarden. No er båten freda av Riksantikvaren.

Fjordabåtane fossa fram i vestnorske fjordar frå 1850 til 1950, då  bilane etterkvart overtok. På øyane vest for Bergen fantes det knapt ei einaste bygd som ikkje hadde regulære, kommersielle dampbåtanløp.

Les: Då fjordabåten hadde endestopp på Straume

Les: Då fjorden var Riksveg 1

Veteranbåteigarar over heile landet førebur seg i desse dagar på å fyra opp att under dei restaurerte dampkjelane. Under årets Fjordsteam 2. – 5. august vert det igjen full steam på fjorden. Desse fire dagane kan båtglade strilar såvel som bergensarar enno ein gong ta dampen til byd’n, nett som i fjordabåtane sine glansdagar.

Steam i fjorden
Ikkje visste eg at det framleis siglar så mange velhaldne fjordabåtar i norske farvatn. Heile 16 av dei gamle fartøya er henta inn for å frakta passasjerar frå alle delar av Hordland til folkefesten som vert planlagt i Bergen i samarbeid med opninga av Kystsogevekene. Av siglande norske veteranfartøy er det, ifølgje arrangørane, mest berre Skipbladner som manglar…

Samferdselshistoria
Fjordabåtane står i sentrum under årets Fjordsteam. For å komplettera den lokale samferdslehistoria, er veteranbussar, jernbane og endatil eit passasjerfly frå 1943 henta inn for å frakta passasjerar desse dagane.

Les: Då Sotrastrilen skreiv samferdslehistorie

Les: Uviss framtid for Gamle Straumsbru

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.