Då fjordabåten hadde endestopp på Straume

At dampbåten til Bergen i tiåret kring 1920 hadde endestopp i Straumsundet er i dag eit gløymt kapittel i den lokale samferdslehistoria.

DS Fløien vart bygd i 1897, og kjøpt av Topdalselskapet i 1913 for å utvida rutenettet rundt søre Litle Sotra. Foto: E. Virkesdal.

Fjordsteam 2018 bles ny glød i interessa for den lokale samferdslehistorien, og då særleg historiane om dampbåtane som i eit hundreår frakta passasjerar og varer mellom Sotra og Bergen.

Les: Full steam på fjorden

At Straume i åra kring 1920 var endehaldeplass for dampbåten via Døsjo og Brattholmen til Bergen, har eg no fått bekrefta. Frå postmottaket og butikken på Døsjø gjekk dampen nordover gjennom Straumsundet så langt som til Søre Straumsvikja, like nedan for huset mitt, ifølgje Normann Lillebø.

Krav frå innbyggjarane
Mesteparten av detaljane er i dag skjult i historien sitt mørke. Mykje talar likevel for at det var det nystifta Topdalselskapet, ein av forlauparane til dagens børsnoterte Tide ASA, som trafikkerte Straume.

I 1912 kravde oppsitjarane på Straume at dei og måtte få båtsamband, ifølgje Erling Vikesdal som har skrive boka om Rutelaget Bergen Vest.

I overutskiftinga for Straume i same året seier grunneigar Halvar Ekerhovd på Søre Straume seg positiv til at båten kan leggja til kai i Søre Straumsvikja.

Les: Då fjorden var Riksveg 1

Topdalselskapet kjøpte i 1913 DS Fløien for å trafikkera ruta frå Bergen via Brattholmen og rundt Litle Sotra. Truleg var det denne båten som også gjekk til Straume, i i alle fall fram til fartøyet vart rekvirert til forsvaret under 1. verdskrigen.

Eit kort kapittel
Den kommersielle passasjertransporten med båt til Straume vart likevel berre eit kort kapittel. Då Gamle Straumsbru stod ferdig og «nyevegen» frå Brattholmen til Møvik vart opna i 1927, overtok bussen slik at det ikkje lenger var grunnlag for noko regulær båtrute, ifølgje John Kjell Fjeld.

Fiskeskøyta overtok
Rutebussen overtok den daglege passasjertransporten, men viste seg å vera lite eigna når fiskarbonden skulle frakta fersk fisk, egg, poteter og annan lokalprodusert mat i større kvanta til Torget i Bergen.

Sjøvegen frå Torget i Bergen, rundt Litle Sotra og inn Straumsundet til Søre Straumsvikja.

Sjøvegen var framleis løysinga for innbyggjarane på Straume. Motoriserte fiskeskøyter var i ferd med å ta over for seglskutene, og no vart dei tekne i bruk for å frakta passasjerar og varer til Torget i Bergen kvar laurdag, fortalde mor mi.

Mira ved Gamle Straumsbru.  Foto innsamla Av Tore Turøy og gjengjeve i boka Båtar i Fjell.

Mira var ei av dei lokaleigde fiskeskøytene som overtok passasjer- og godstransporten mellom Straume og Bergen då vegen kom. Morfaren min var ein av partseigarane.

Merksame forbrukarar bør merka seg at i «gamle dagar» var fisken  verkeleg fersk då han kom fram til marknaden. Levande fisk vart frakta i brønnen på skøyta, eller i store fiskekister som vart slept etter båten.

Ny epoke
Vegopninga i 1924 la samtidig grunnlaget for ein ny epoke i vår lokale samferdslehistorie – fergedrift.

Les: Då Sotrastrilen skreiv samferdslehistorie

Les: Uviss framtid for Gamle Straumsbru

 

Kjelder:
Samtalar med Normann Lillebø, John Kjell Fjeld og mor mi, Olufine Strømme.

Overutskiftinga for Straume, 1912

Virkesdal, Erling: Fra dampbåt til leddbuss, Rutelaget Bergen Vest AS (1988)

Sjøhistorie.no

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.