Mykje heraldikk – og litt humor

Responsen på designkonkurransen for fylkesvåpen for nye Vestland fylkeskommune var overveldande. Snart kan du vera med å stemma fram det mest samlande forslaget.

Vert sydvesten vårt nye fylkevåpen? Regn er trygt samtaleemne i Hordaland og Sogn og Fjordane. Med eit ørlite glimt i auga føreslår Ingrid Eggeride å modernisera den heraldiske tematikken. Forslaget er eit av heile 667 innkomne forslag til designkonkurransen.

Før sommaren lyste Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune ut ein felles «folkekonkurranse» for å designa forslag til fylkesvåpen for nye Vestland fylkeskommune.

Verken hordar, sogningar eller fjordingar har late seg stoppa av det fine sommarveret. Responsen var overveldande. Heile 667 ulike forslag kom inn.

Du kan sjå alle dei innkomne forslaga her:

Stor variasjon

Vert sydvest litt for uhøgtideleg? Kva med ei regnsky, det er og eit motiv som bør kunna samla innbyggjarane i dei to fylka, tenkjer Svein-Martin Hovland Stenseth,

Variasjonen i dei innkomne forslaga er stor. Juryen har delt forslaga inn i tre kategoriar; kultur og historie, natur og landskap og samtid. Her er mykje heraldikk, men og nokre gløtt av humor – innimellom.

– Den overveldande responsen syner at fylkesvåpenet er eit viktig symbol for mange, seier assisterande fylkesdirektør for næring og kultur, Ingebjørg Erikstad i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Tørr fisk med krune. Inspirert av hanseatane, men og eit symbol på dagens havnæringar, føreslår Mikal-André Tvedt.

Per Morten Ekerhovd, fylkesdirektør for kultur i Hordaland, har tru på at prosessen til slutt vil gje oss eit fylkesvåpen som vil vere samlande for innbyggjarane i den nye fylkeskommunen.

Stem på din favoritt
Ein folkejury og ein fagjury vil no plukka ut ti forslag kvar. Desse vil verta lagt ut til ei nettrøysting i slutten av månaden. Då vil du kunna stamma på det forslaget du meinar er mest representativt og samlande for dei to vestlandsfylka.

To økser i ei velkjend heraldisk setting, føreslår Trygve Hansen.

Folkefavoritten og dei 19 andre finalebidraga vil då inngå som inspirasjon til ein «ordentleg» designkonkurranse, der fagjuryen kjem med inntilling til politikarane i dei to fylkestinga i desember.

Demokratisk snarveg?
Fellesnmenda for Fjell, Sund og Øygarden har vedteke at fyrtårnet skal symbolisera nye Øygarden. Det gjorde dei utan debatt. Kan politikarane ha teke ein snarveg utanom den demokratiske, identitetsbyggjande prosessen den nye kommunen må byggja på?

Les: Fyrtårnet vert kommunevåpen

I staden satsar våre lokale politikarar på å få designa ein felles gensar.

Les: Korleis bør Øygards-gensaren sjå ut?

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.