Oppfinninga som formar Sotra

Inga anna oppfinning har endra Sotra – og resten av verda – like mykje som bilen.

Med Model T gjorde Henry Ford bilen til allemannseige. Denne rulla av samlebandet i 1925. Foto:Wikimedia

12. august er det 110 år sidan den aller første T-Forden vart skrudd saman på samlebandet i Ford-fabrikken i Detroit. Hendinga vart startskotet for bilalderen, ifølgje IEEE-spectrum.org.

Vi kan diskutera kva oppfinning som har betydd mest; mobiltelefonen, elektrisiteten, vaskemaskina og gummistøvlane vil alle ha sine engasjerte tilhengjarar. Det er likevel vanskeleg å koma utanom at bilen er ei av dei oppfinningane som har endra verda aller mest.

Allemannseige
Henry Ford var ikkje den første bilprodusenten. T-Forden var heller ikkje den første bilen han laga. Det at han tok i bruk eit rullande samleband for å skru saman T- Forden, effektiviserte produksjonen i så stor grad at det å kjøpa ein personbil vart oppnåeleg for menn med ei alminneleg årsløn. Det var då og Henry Ford sin store visjon. At bilane hans skulle verta allemannseige.

Kva om Henry Ford hadde vore ein dårleg seljar? Hitler gjekk med liknande tankar, og fekk designa VW, folkevogna. Prosjektet vart stoppa av 2. verdskrigen, men ville Hitler ha kome på tanken utan Henry Ford og T-Forden?

Vegbygging
T-Forden hadde ein 4-sylindra motor som ytte 20 hesterkrefter og hadde ein toppfart på 72 kilometer i timen.

På dåtidas hest-og-kjerrevegar på Sotra var det meir enn nok. Kva år den første bilen kom til Sotra er skjult i historia sitt mørke. Dei første hadde ikkje lange vegstubbane å køyra på. Først i 1927 stod vegen mellom Brattholmen og Møvik med bruene over Straumsundet og Bildestraumen ferdig. Då hadde vegen stått på den politiske dagsorden sidan 1876, ifølgje Bygdesoga for Fjell.

Les: Uviss framtid for Gamle Straumsbru

Utan forventningar om auka personbiltrafikk er det tvilsamt om kommunestyret hadde påteke seg den store investeringa på heile 130.000 kroner.

Samferdslehistorie
Den siste T-Forden rulla av samlebandet alt i 1927. Då var det seld 15 millionar T-Fordar. Bilane rulla på alle fem verdsdelane. På Sotra hadde bilalderen så vidt byrja.

O-1555 køyrer i land på Brattholmen frå M/B Sandsfjord ca. 1936. Ferja måtte flytta seg for kvar bil som skulle av eller på. Foto: Fjordfähren in Norwegen.

Mange var skeptisk til at bilen var framtida. Vegane her ute var for dårlege til at mange ville ta bilen med ut hit, hevda leiinga i dampskipsselskapet Topdal då dei fekk spørsmål om å etablere den aller første fergeruta mellom Brattholmen og Alvøen.

Sotrastrilen skreiv samferdslehistorie då bilferga M/B Sandsfjord køyrde sin første tur i 1936. Første fergeruta i Bergensområdet kom i stand som resultatet av eit privat initiativ og hadde plass til tre bilar på dekk. I 20 år var det kapasitet nok til dekka behovet.

Les: Då Sotrastrilen skreiv samferdslehistorie

Forvandla landskapet

Sotrasambandet
Endrar landsskapet. Forventningane om strake vegar, med tunnelar og bruer, endrar landskapet. Slik tenkjer Statens vegvesen seg at det nye krysset i Knarrevik/Valen på Sotrasambandet vil sjå ut.

Bilen kom til å endra Sotra, i første omgang reisemåten vår. No måtte det byggjast vegar. I Fjell utarbeidde kommunestyret eit omfattande program for vegutbygging til dei fleste bygdene i kommunen. Eit program som først vart fullført med vegen frå Brattholmen til Ebbesvik og Gavlen i 1967.

I 1971 kom Sotrasambandet. Farvel dampen, farvel kjærleikens fergereiser…

Fleire revolusjonar
Behovet for nye vegar førte til at Sotrastrilane oppdaga dynamitten – ei anna revolusjonerande oppfinning. Med kravet om stadig kortare reisetid og strake vegar, med tunnelar gjennom fjella og bruer over fjordar og sund, har bilane og dynamitten forvandla landskapet vårt. Sotrastrilen er villig til å gripa djupt i lommeboka for å finansiera eit nytt Sotrasamband.

Vi kan ha fleire revolusjonar i venta. Bilane er største einskildkjelda til utslepp av klimagassar. El- og hydrogenbilar vil kanhende endra på det. Kanhende vil røystene som krev sentralisering og auka bruk av kollektivtransport få gjennomslag for å parkera personbilen for godt?

Les: Då fjorden var Riksveg 1

Les: Stein, stein, stein

Kjelder:
IEEE-spectrum.org
Bygdesoga for Fjell
Erling Virkesdal: Frå dampbåt til ledd-buss. Rutelaget Bergen Vest 100 år. (1988)

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.