Vekas rose: Sally Holmes

Kremkvite Sally Holmes er ei fryd for auga mest heile sommaren.

Fin til snitt. 8 – 10 roser i ein klase, i eit sjeldant delikat fargespekter, pyntar fint opp i stova.

Sol og varme framskunda rosesesongen, men gleda vart diverre kortvarig. Dei historiske har forlengst blomstra av.  Mange av dei moderne har teke pause før andre runde.

Då gleder hageeigaren seg meir over Sally Holmes. Austinrosa  har blomstra jamnt og trutt sidan tidleg i juli. Klasane med store, opne kremkvite roser med svakt ferskenfarga skjær på knoppane er ei fryd for auga.

Opne roser toler ein regnskur betre enn dei fleste fylte. Regnet set likevel sine spor, i form av små rosa prikkar på kronblada.

Slike opne roser toler regnbygene betre enn mange fylte roser, har eg erfart.

Svak duft.

Kan verta inntil halvannan meter. Hos meg står ho i krukke, og nøyer seg med ein meter. Har vist seg å tola lange periodar med berrfrost bra.

Ei av David Austin sine tidlege roser, og ei av dei som trivest best her hos meg.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.