Tapte kampen om lovlegkontroll

Foreldre og politikarar tok kampen for å behalda Liljevatnet og Tellnes skular heilt til fylkesmannen.

Stort oppmøte framfor rådhuset overtydde ikkje fylkesmannen om at kommunestyret sitt vedtak om å leggja ned Liljevatnet og Tellnes skular var ulovleg.

Då saka om nedlegginga av Liljevatnet og Tellnes skular var oppe til endeleg avgjerd i kommunestyret i Fjell 7. mai, var debatten hard og vedtaket var langt frå samrøystes.

Politikarane i FrP og SV gjekk saman om å krevja lovlegkontroll av vedtaka som hadde vekt så sterk motstand i lokalmiljøa.

Les: Krev lovlegheitskontroll av Liljevatnet-nedlegging

Fylkesmannen i Hordaland si vurdering av klagen føreligg no. Det er ikkje grunnlag for å oppheva vedtaka om nedlegging av dei to skulane. Ifølgje fylkesmannen har Fjell kommune handla innanfor rammene for kva som er lovleg saksgang i samband med slike avgjerder, melder Fjell kommune på heimesida si.

Fylkesmannen si vurdering avslører likevel at dei lovmessige rammene for kommunal saksgang i slike tilfeller er lite detaljerte og opne for utøving av kommunalt skjøn i stor grad.

Du kan lesa fylkesmannen sine vurderingar på heimesida til Fjell kommune:
Vedtaka om nedlegging av skular er gyldige.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.