Er Madonna ei «gammal» kvinne?

60 er det nye 40, vert det hevda. Gjeld påstanden like mykje for Madonna som for Per Sandberg?

Faksimile av oppslaget på DN.no

To mediesaker i veka som gjekk har framprovosert denne kommentaren. Ein kommentar eg i utganspunktet aldri hadde trudd eg skulle koma til å skriva.

Føljetongen om tidlegare fiskeriminister Per Sandberg sitt hovud- og hemningslause møte med kjærleiken har toppa nyhenda heile veka. Dagens Næringsliv markerte Madonna sin 60-årsdag med overskrifta om artisten som ”nektar å eldast med verdighet”.

Grumsete haldningar

Flykta frå tvangsekteskap med eldre mann i Iran. Fann kjærleiken med 58 år gamle Per Sandberg i Norge. Faksimile DN.no.

Gamle menn, jaja… Utan kontrasten til den underliggjande haldninga i overskrifta om Madonna ville Sandberg gått under radaren hos denne kommentatoren. Sett i samanhang avslører sakene grumsete haldningar som mange hadde håpa høyrer historia til i vårt påstått likestilte Norge.

Den mindreårige Bahareh Letnes flykta frå tvangsekteskap med ein eldre mann i Iran og fekk asyl og seinare statsborgarskap i Norge. Som ved eit utslag av skjebnen sin ironi finn ho her i landet kjærleiken i ein mann som er dobbelt så gammal som henne sjølv.

A substitute for love?

…og no som han er arbeidslaus, kva skal ho eigentleg med han?

I mediene framstår den unge kvinna som naiv, men ho har tydelegvis bein i nasa.

I møte med ei ung jente frå ein framand kultur, fall den dåverande fiskeriministeren pladask. Så har då og kombinasjonen venleik, ungdom og uskuld alltid fungert som ei ungdomseliksir for eldre menn med makt.

For Sandberg framstår den iranske missekandidaten kan hende meir ”like a virgin”, eller ”a miss to good to miss”?

To have and not to hold?

-Per Sandberg er veldig forelska om dagen, seier kjelder som kjenner han til NRK.

– 58-åringen Sandberg har valt kjærleiken, synes forsonlege media vera samde om.

Kjærleiksforhaldet på tvers av kulturane såg ei stund ut til å feia heile FrP sin innvandringskritiske politikk i skammekroken. For ikkje å mista på veljarane ytterst på høgresida skunda Siv Jensen seg å byta ut nestleiaren og bringa Sylvi Listhaug tilbake på banen.

Alder – eit relativt begrep
Aldersskilnaden mellom Letnes og Sandberg er det tilsynelatande ingen som uroar seg over.

Orda vi nyttar røper noko om underliggjande haldningar, sjølv om avsendaren kanhende ikkje er medviten om det. Alder er eit relativ begrep. Men er alder eit meir relevant vurderingskriterium for Madonna, sekstiåringen som altså nektar å eldast med verdighet, skal vi tru næringslivsavisa DN.no.

Madonna passar ikkje inn i nokon bås. Den kvinnelege artisten har stått i rampelyset sidan 1980-talet, og har overlevd samtidige som Michael Jackson og Prince. Oppgjennom tiåra har ho relansert seg sjølv med stadig nye musikalske identitetar. Den musikalske utviklinga er nøkkelen til at ho har gjort suksess, men ho passar altså ikkje inn i den rolla publikum – og mediene – har utsett til henne, skal vi tru skribenten Audun Vinger i DN.

Forventningar
Kva rolle er det Vinger meinar publikum har plassert Madonna i?  Eg tenkjer publikum forventar at ho skal opptre som dei evigunge gutta i Stones, dra verda rundt på turné og syngja gamle songar om igjen.

Låtskrivarane og rockeartistane frå 1960-talet har vist seg å vera uslitelege. Madonna høyrer til i same kategorien.

”Modnast” hadde vore eit meir velvald ord om Madonna sin musikalske utvikling. ”Eldast” bring med seg ein dåm av kamferdrops og inkontinens. Ikkje akkurat det eg tenkjer på når eg lyttar til Madonna sine mange hits frå min eigen gullalder på dansegolvet.

Då Madonna og Sandberg vart fødde – dei er om lag jamnaldrande – framstod folk på 60 som klart eldre enn dei gjer i dag. I dag er det få, utanom Vinger og HR-rådgjevarane i dei stadig fleire bemanningsselskapa, som ville funne på å karakterisera ei kvinne på 60 som ”eldre”.

Om Madonna nektar å eldast med verdighet, kan skal vi då meina om Per Sandberg?

Det norske samfunnet er i endring, og når det gjeld forventningar til åtferd og prestasjonar gjennom livet. Trendspottarane vil ha det til at 60 er det nye 40. Etter å ha lese Vinger sin kommentar er det freistande å spørja: Gjeld påstanden berre for menn med makt?

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.