Presenterer Sotra og Øygarden for 100 millionar TV-sjåarar

-De bur jo midt i matfatet. Dette er råvarer av fantastisk kvalitet. Ida Gran Jansen, den nye programleiaren for TV2 sitt matprogram ”En bit av Norge”, er full av lovord om sjømaten ho har vore med på å henta opp frå havbotnen utanfor Sotra og Øygarden.

Programleiar Ida Gran Jansen i «En bit av Norge» skal tilbereida lokal sjømat frå Sotra og Øygarden framfor 100 millionar TV-sjåarar.

Matprogrammet ”En bit av Norge” er gjengangar på TV2 sitt repertoar. Denne veka gjer produsentselskapet Tellus Works Television AS opptak på Sotra og i Øygarden til det som skal verta eit av ni program den 15. sesongen og som skal visast våren 2019.

Lokal sjømat
Lokal sjømat vert hovudingrediensen på menyen. Tidlegare i dag var Ida Gran Jansen og resten av teamet ute og dykka etter krabbe, østers, kamskjell, kråkebollar og andre lokale delikatessar frå havet som dei skal tilbereida framfor kamera.

– Fantastiske råvarer. De bur jo midt i matfatet, utbryt ein entusiastisk programleiar når Tunnelsyn stikk innom dagens opptak ved Hotel Panorama. Cornelius og Kystmuseet i Øygarden skal vera ramma for opptaka seinare i veka.

Krabbane som Ida kokar i sjøvatn medan eg er der, skal seinare tilbereiast i samarbeid med kjøkkensjef Marit Johnsen på Panorama og serverast for norske og internasjonale TV-sjåarar som crabrolls.

100 millionar sjåarar
«En bit av Norge» vert og laga i ein engelskspråkleg versjon med tittelen «New Scandinavian Cooking». Distribusjonsavtaler med store internasjonale fjernsynsstasjonar som BBC World News og PBS i USA sikrar at det norske matprogrammet eit publikum langt utanfor Norges grenser.

Meir enn 100 millionar TV-sjåarar, dei fleste i Europa og USA, men og eindel i Asia, vil kunna sjå opptaka frå Sotra og Øygarden, seier Aud Haugen Fougner i produsentselskapet Tellus Works Television AS.

– Dette vert veldig god marknadsføring, ikkje berre for oss her på Panorama, men for mat, matopplevingar og reiseliv i heile regionen, seier Ole Martin Opitz. Den daglege leiaren ved Hotel Panorama smiler om kapp med sola om veret under opptaka.

Baking
Ida Gran Jansen er fersk som programleiar for ”En bit av Norge”, og har teke over etter kjendiskokkar som Andreas Viestad og Niklas Ekstedt. Merksame lesarar vil kjenna Ida frå bakebloggen hennar. Baking skal det og verta i dette matprogrammet, men dei lokale lefseoppskriftene må diverre venta til ein seinare sesong, beklagar ho.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.