Heimeproduksjon berga folkeveksten

Kommunane vest for Bergen stod for meir enn halve folkeveksten i Hordaland i andre kvartal.

Kommunane i region vest har framleis dobbelt så høg vekst i folketalet som Hordalandskommunane sett under eitt.

Folkeveksten har flata ut i heile landet, ifølgje dagens tal frå SSB. Kommunane vest for Bergen er likevel mellom dei som klarar seg best når det kjem til folketalsutvikling.

Leiar an i Hordaland
184 nye havstrilar i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy tilseier at folketalet auka med 0,3 prosent i månadane april til og med juni.

I heile Hordaland auka folketalet med 331 personar i same perioden, noko som inneber at dei fire kommunane vest for Bergen hadde sterkaste folkeveksten i fylket. Heile 55,6 prosent av auken i talet på hordalendingar skjedde i desse fire kommunane.

Første halvår
Folkeveksten i andre kvartal fordelte seg nokonlunde jamt på kommunane, prosentvis.

I første halvår har folketalet i Nye Øygarden auka med 184 personar, tilsvarande ein folkevekst på 0,5 prosent. Tilsvarande for Askøy er 101 personar, eller ein auke på 0,4 prosent. Totalt er det no 285 fleire innbyggjarar i regionen enn det var ved årsskiftet.

Sterkast vekst i Fjell – negativt i Sund
Tala varierer frå kvartal til kvartal. For første halvår sett under eitt skil Fjell seg ut ved å ha ein samla folkevekst på 0,7 prosent. Netto negativ utflytting gjorde at Sund fekk ein negativ folkevekst på 0,1 prosent dei seks første månadane i år.

Fødselsoverskot
Når folkeveksten har flata ut, er det først og fremst fordi innvandringa frå utlandet har skrumpa inn. No er det fødselsoverskotet som sikrar folkeveksten. Heile tre av fire nye innbyggjarar i Nye Øygarden er no eigenproduserte. I Askøy er åtte av ti nye innbyggjarar heimeavla.

Berre kvar fjerde nye innbyggjar har flytta hit til regionen, og av dei igjen er det under ti prosent som kjem frå utlandet.

Det er no 37.871 innbyggjarar i Nye Øygarden, og 29.172 i Askøy.

Folkevekst 2. kvartal 01.04.18 Fødsels-overskot Netto tilflytting/
innvandring
Folke-
vekst
30.06.18 Vekst %
Fjell 25814 65 19 84 25898 0,3
Sund 7054 15 7 22 7076 0,3
Øygarden 4877 11 9 20 4897 0,4
Folkeauke 37745 91 35 126 37871 0,3
Askøy 29114 55 3 58 29172 0,2
Region Vest 66859 146 38 184 67227 0,3
Hordaland 523255 585 -254 331 523586 0,06

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.