Fjell under lupa til finanseliten

Den norske og internasjonale finanseliten fekk i dag årsmeldinga til Fjell kommune på skrivebordet.

Med 166 sider om kommunale utfordringar bør årsmeldinga til Fjell kommune gje den norske og internasjonale finanseliten noko å tenkja på.

Fjell er mellom dei stadig fleire offentlege organisasjonane som har tydd til Oslo Børs for å finansiera kostbare investeringar.

Les: Fjell hentar finansiering frå Oslo Børs

Kommunen tok i fjor opp to obligasjonslån på til saman 251,67 millionar kroner på Oslo Børs. Årlege rapporteringar om kommunen si drift er eit av krava for notering, og i dag fekk Oslo Børs tilsendt Fjell kommune si årsmelding for 2017.

Langsiktig lånegjeld tilsvarande to års driftsbudsjett gjev grunn til uro, men eksponeringa mot den frie kapitalmarknaden er beskjeden, framkjem det av rapporten.

Fjell hadde ved årsskiftet ein eigenkapital på 645 millionar kroner. Den samla langsiktige gjelda utgjorde 3,433 milliardar kroner. Pensjonsforpliktingar utgjer vel halvparten av den langsiktige gjelda.

Dei to obligasjonslåna som er noterte på Oslo Børs skal betalast ned i henhaldsvis 2019 og 2022.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.