Vi vert mindre attraktive for næringslivet

Fjell fell tilbake i landssamanheng, men er framleis den mest veldrivne kommunen vest for Bergen, sett frå NHO sin ståstad.

Fjell havnar i år på ein 21. plass i NHO sitt Kommune-NM.

Næringslivsorganisasjonen NHO har kåra Norges mest attraktive kommune. I årets Kommune-NM har dei målsett til saman 19 faktorar innan næringsliv, arbeidsmarknad, demografi, kompetanse hos innbyggjarane og kommuneøkonomi.

Kåringa er utført på bakgrunn av kommunane sine eigne KOSTRA-rapporteringar frå 2017.

Fjell
Fjell er også i år best i vest, på ein 21. plass, ned frå ein 18. plass i fjor.

Kommunen skårar høgt på å vera næringslivsvenleg, og å ha god utvikling i folketalet. Innbyggjarane sitt kompetansenivå er derimot i ferd med å svekkast. Tilbakegangen er likvel først og fremst eit resultat av dei dårlege tidene i oljesektoren. Arbeidsmarknaden er det området der kommunen har hatt den mest negative utviklinga siste åra. Demografi og kommuneøkonomi har utvikla seg i positiv retning.

Her kan du lesa om fjorårets kåring:
Tapar posisjonar i Kommune-NM

Askøy
Askøy må og tola tilbakegang i attraktivitet, sett frå NHO sin ståstad. Kommunen havnar i år på 74. plass, ned frå ein 50. plass i fjor. Også her er det tilrettelegging for næringslivet og demografi som trekkjer opp plasseringa i meisterskapen.

Både kompetansenivå og kommuneøkonomi vert vurdert å ha hatt ei positiv utvikling.

NHO kommune-NM 2018 – samanlikna med 2012
Total Næringsliv Arbeidsmarknad Demografi Kompetanse Kommuneøkonomi
2012 2017 2012 2017 2012 2017 2012 2017 2012 2017 2012 2017
Askøy 56 74 25 37 261 305 17 32 334 257 52 49
Fjell 12 21 13 16 145 276 22 14 25 41 41 36
Sund 214 239 233 266 327 384 50 42 352 348 103 122
Øygarden 238 258 274 220 326 363 20 193 255 156 367 259

Premierer dei store
NHO sine vurderingskriterier er slik at dei premierer dei store, bynære kommunane. Best ut i år kom Sola, Oslo og Bærum.

Austevoll er eit unnatak, fiskeri- og offshore-øya havnar også i år på ein 4.plass i landssamanhang.

Sund og Øygarden plasserer seg midt på treet av norske kommunar. Demografi vert vurdert å vera Sund sitt sterkaste kort, medan Øygarden fell kraftig tilbake på denne måleparameteren.

Overflatisk
Årets rapport er utarbeida av Menon Economics. I motsetnad til tidlegare år, inneheld ikkje årets rapport informasjon om vurderinga av kvar av dei 19 måleparametrane. For dei som kunne tenkt seg å nytta rapporten som eit styringsverktøy, vil han difor framstå som noko overflatisk.

Last ned NHO-rapporten

Interesseavhengige vurderingar
Å kåra den mest veldrivne kommunen i landet er inga einkel oppgåve. Det er ikkje berre NHO som gjennomfører årlege kåringar av Kommune-NM. Val av måleparametre, og vektinga av parametrane, gjer at resultata i HNO si kåring avvik i stor grad til dømes frå Kommunal Rapport sitt Kommune-barometer.

Les Kommunal Rapport sitt Kommune Barometer

Kommuneøkonomien er eit område det er særleg mykje debatt om. Riksrevisjonen har til dømes ein heilt anna vurdering av kor veldrive dei norske kommunane er.

Les: Grunnleggjande ueinige om kommuneøkonomien

Advertisements

2 Comments

  1. Det er nok grunn til å stille spørsmål ved indikatorsettet. Ved å velge andre indikatorer vil man sannsynligvis få andre resultater. Eksempelvis kunne man legge mer vekt på verdiskaping, tjenestetilbud, osv. og mange andre faktorer. NHO bør nok finne andre konsulenter til oppdraget.

    Likar

    1. Enig i at valet av indikatorar er nøkkelen her. Ut frå kjennskapen til tidlegare undersøkingar, verkar det som om det er NHO, ikkje Menon Economics, som har valt ut kva indikatorar som skal nyttast.

      Kanhende det er på tide at NHO stig ned til folket? Gjenoppdagar at dei er ein del av samfunnet? Tenkjer at Julie Brodtkorb har byrja øyna noko når ho snakkar om behovet for å skjerma norske verksemder – og lønsnivå – mot utanlandsk konkurranse.

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.