Dette lever vi av – dei 40 største lokale verdiskaparane

Fisk, offshore og bygg og anlegg utgjer dei primære inntektskjeldene for næringslivet i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy.

Fiskeindustriverksemda Sekkingstad på Skageneset omsette for 3,1 milliardar i 2017.

To av verksemdene i kommunane vest for Bergen passerte milliarden i driftsinntekt i fjor og kan konkurrera om å vera mellom dei 500 største verksemdene i landet.

Einsam på toppen
Med ein omsetnad på 3,13 milliardar kroner tronar fiskeindustriverksemda Sekkingstad i Sund aleine på den lokale inntektstoppen for 2017.

Avstanden til pumpespesialisten Framo i Askøy auka. Den tidlegare Trond Mohn-eigde verksemda nådde i fjor ei driftsinntekt på 2,57 milliardar, etter ein inntektssvikt på heile 584 millionar kroner samanlikna med året før.

Verdiskaparane
Av dei 3350 aksjeselskapa i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy kan 40 verksemder visa til ei driftsinntekt på meir enn 100 millionar for 2017, viser oversikten nettavisa Tunnelsyn.no har utarbeida på grunnlag av rekneskapane verksemdene har sendt inn til Brønnøysund.

Til saman omsette dei 40 største lokale verdiskaparane for heile 14,6 milliardar kroner.

Les: Fisk slo olje – dette er dei største verksemdene i Nye Øygarden

Dei ti verksemdene øvst på den lokale inntektstoppen fordelte seg jamnt på fisk, offshore og bygg og anlegg.

Les: Tøffare tider for næringslivet – men nokon har grunn til å smila

Dei 40 største
Dette er dei 40 største verdiskaparane i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy for 2017:

Verksemd Omsetning
2017
(i 1000)
Driftsresultat
2017
(i 1000)
Sekkingstad 3134740 67865
Framo 2571744 203187
CCB – konsern 884579 23895
Framo Services 798234 68880
Brødrene Ulveseth 552386 36317
Blom Fiskeoppdrett 473601 93848
Sotra Fiskeindustri 460353 17199
Bergen Group Hanøytangen 383648 -16081
Sartor Maskin 377792 21969
Telle Gruppen 369403 3550
Liegruppen – konsern 288101 44221
Karsten Moholt – konsern 236819 -6934
Enhanced Drilling 236555 -26237
Norscrap West 228973 24442
Solid Vedlikehold 220032 13937
Spz bil 214782 3482
Bevy Eiendom 198285 41396
Tuboscope norge 175826 -7986
Acos 171040 31241
Biomega Norway 164664 611
Viknes Båt og service 147893 8263
Montera 141526 3257
Gunn Berit Hanevik 138195 2949
Deep Sea Mooring 137198 -1593
Telavåg Fiskeoppdrett 136493 20131
Vågen Seafood 136357 4218
Damstahl 136335 2148
Den norske Isbilen 134000 1225
Bergen Tankers 131752 16997
Nobi Askøy 128565 -5012
Sartor Storsenter 128551 74998
Atlantic Offshore Epsilon 127168 53236
Libas 122273 36234
FjellVar 115443 25666
Ove Forstrønen 113166 3681
NKS Olaviken 111512 7352
PHE holding / Framo Development 104771 104737
Sartor Holding – konsern 102597 13552
Atlantic Offshore Crew 100846 27
PSW Power & Automation 100201 3338
Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.