Tøffare tider for næringslivet – men nokon har grunn til å smila

Det lokale næringslivet merkar aukande konkurranse. Nokon klarar seg likevel langt betre enn andre.

Ernst Morten Einarsen, dagleg leiar i Sartor Holding og Sartor Storsenter, har all grunn til å smila over den økonomiske utviklinga i 2017. (Arkivbilete)

Nokon av verksemdene i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy gjorde det klart betre enn andre i 2017.

Les: Dette lever vi av – dei 40 største lokale verdiskaparane

Dei 40 lokale verksemdene som passerte 100 millionar kroner i inntekt i fjor, auka i snitt inntekta med 6,3 prosent, viser oversikten nettavisa Tunnelsyn.no har utarbeida på grunnlag av rekneskapane verksemdene har sendt inn til Brønnøysund

Størst grunn til å smila har Ernst Morten Einarsen, dagleg leiar i Sartor Holding og Sartor Storsenter. Sartor Holding konsernet, som Einarsen-familien eig i fellesskap med Rennedal-familien, tredobla driftsinntekta til 102,6 millionar kroner.

Samstundes oppnådde Sartor Storsenter, som Einarsen- og Rennedal-familiane eig saman med Thon, ein driftsmargin på heile 58,3 prosent, på grunnlag av ei driftsinntekt på 128,5 millionar.

Feil veg
Ikkje alle har grunn til å vera like nøgde. Dei lokale verksemdene merkar konkurransen i aukande grad. Halvparten av verksemdene med ei driftsinntekt på over 100 millionar kroner opplevde at inntekta gjekk feil veg i fjor. I snitt opplevde dei 21 verksemdene ein inntektssvikt på 66,3 millionar kroner.

Verst gjekk det ut over Bergen Group, som måtte gjennom ein sviande omstrukturering etter eit inntektstap på 300,6 millionar.

Desse ti verksemdene hadde størst prosentvis auke i driftsinntekta i 2017 samanlikna med 2016.

Omsetning 2017
(i 1000)
omsetning 2016
(i 1000)
Endring 2016 – 2017
(i 1000)
Endring %
Sartor Holding – konsern 102597 39585 63012 159,2
Solid Vedlikehold 220032 142311 77721 54,6
Sartor Maskin 377792 259832 117960 45,4
Damstahl 136335 97404 38931 40,0
Montera 141526 105702 35824 33,9
Viknes Båt og service 147893 114747 33146 28,9
Telle Gruppen 369403 296361 73042 24,6
Vågen Seafood 136357 113389 22968 20,3
Spz bil 214782 179690 35092 19,5
Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.