…og desse tente best

Eit anonymt holdingselskap med adresse Florvåg var den av 100-millionarsverksemdene i region vest som oppnådde beste driftsmarginen i 2017.

PHE Holding AS får inntektene frå design og patentar i Framo-konsernet.

 

 

 

 

 

 

To verksemder tente over ein milliard, til saman var det 40 verksemder i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy som passerte 100 millionar kroner i driftsinntekt i 2017, ifølgje nettavisa Tunnelsyn sin gjennomgang av rekneskapane det lokale næringslivet har sendt inn til Brønnøysund.

Les: Dette lever vi av – dei 40 største lokale verdiskaparane

Å balansera inntekter og utgifter er den store utfordringa for alle daglege leiarar. Dei 40 verksemdene hadde i snitt ein driftsmargin på 10,6 prosent. Sju verksemder gjekk med underskot.

Holdingselskap i særklasse
PHE Holding AS, med adresse Florvåg, er eit holdingselskap i særklasse. Den anonyme verksemda, som for mange er betre kjent som Framo Developments AS, sit på rettane til design og patentar for pumpeprodusenten Framo AS. Gjennom konserninterne fordringar vart selskapet tilført ei driftsinntekt på 104,7 millionar kroner i fjor. Kostnadar på beskjedne 37.000 kroner gjorde at holdingselskapet sat att med ein driftsmargin på tilnærma 100 prosent.

Eigedomsgigant
I særklasse stiller også Sartor Storsenter AS. Etter fusjonen med Sartor Senter AS, Thon Sartor AS og Straume Parkering AS i fjor kontrollerer verksemda all utleige av eigedomane i tilknyting til Sartor Storsenter.

Av dei samla inntektene på 128,5 millionar kroner, sat Olav Thon Eiendom ASA, saman med dei lokale gründerfamiliane Einarsen og Rennedal, att med ei forteneste på 58 prosent. Som følgje av høg gjeld og store rentekostnadar enda resultatet før skatt på 44 millionar, tilsvarande ein resultatmargin på 34 prosent. Godt over snittet det også.

Les: Tøffare tider for næringslivet – men nokon har grunn til å smila

Dette er dei ti 100-millionarverksemdene i region Vest som sat att med beste driftsmarginane i 2017.

Nr. Verksemd Omsetning 2017 (i 1000) Driftsresulat 2017 (i 1000) Driftsmargin 2017 %
1 PHE holding / Framo Developments 104 771 104 737 100,0
2 Sartor Storsenter 128 551 74 998 58,3
3 Atlantic Offshore Epsilon 127 168 53 236 41,9
4 Libas 122 273 36 234 29,6
5 FjellVar 115 443 25 666 22,2
6 Bevy Eiendom 198 285 41 396 20,9
7 Blom Fiskeoppdrett 473 601 93 848 19,8
8 Acos 171 040 31 241 18,3
9 Liegruppen – konsern 288 101 44 221 15,3
10 Telavåg Fiskeoppdrett 136 493 20 131 14,7
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.