Vestlendingane har stemt

25 prosent av vestlendingane som stemte, vil ha kystlinja som fylkesvåpen for nye Vestland fylkeskommune.

Ingen tvil i folkejuryen om kva som bør verta fylkevåpen for nye Vestland fylkeskommune.
Kystlinja i det nye fylket bør verta fylkesvåpen, meinte 1632, eller 25 prosent, av dei 6.471 personane som røysta, ifølgje ei pressemedling frå Hordaland fylkeskommune.

Les: No kan du stemma

Det er Jorunn Andreassen frå Jølster som har teikna vinnarforslaget, og som no kan henta heim pengepremien på 25.000 kroner.

– Det grøne for meg representerer frodigheita på Vestlandet, i tillegg til at det er ein farge som ikkje er på dei noverandre fylkesvåpna våre, seier vinnaren.

– Det var eigentlig ein vill og gal idé. Eg tenkte først på både vikingar og historie og alt, men fann ikkje noko som appellerte. Så tenkte eg på korleis det vil det sjå ut når vi slår oss saman, seier Andreassen som også stod bak eit anna av dei 18 finaleforslaga.

No skal fagjuryen peika ut tre forslag. Deretter vert det designkonkurranse, før fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane seier siste ordet i desembermøta.

Her kan du sjå korleis det gjekk med din favoritt

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.