Framleis på ledighetstoppen

Kommunane vest for Bergen ligg framleis på topp i Hordaland når det gjeld arbeidsløyse.

Arbeidsløysa i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy har flata ut dei siste månadane.

Nav har ved utgangen av august registrert 1.242 personar busette i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy som er utan arbeid. Av dei går 78 på tiltak.

Ifølgje NAV utgjer dei heilt ledige i Øygarden ho 4,7 prosent av arbeidsstyrken. I sund er talet 4,3 prosent, i Fjell 3,5 og i Askøy 2,8 prosent. For Hordaland er talet 2,7 prosent.

Heilt ledige På tiltak Totalt august
Fjell 477 35 512
Sund 153 10 163
Øygarden 111 5 116
Askøy 423 28 451
1.164 78 1.242

Samanlikna med utgangen av juli, er det no 53 færre ledige i dei fire kommunane.

Tala frå NAV vitnar om at arbeidsløysa i kommunane vest for Bergen er i ferd med å flata ut, sjølv om Øygarden, Sund og Fjell framleis har den høgaste ledigheten i fylket.

Les: Øygarden og Fjell framleis raud sone hos NAV

Urovekkjande utvikling
Det vert ikkje oppgjeve kor mange delvis ledige det er i dei fire kommunane. I Hordaland utgjer talet på delvis ledige 25 prosent av den totale ledigheten.

Talet på langtidsledige aukar urovekkjande i fylket. NAV har no registrert 935 personar i Hordaland som har vore utan arbeid lenger enn den maksimale dagpengeperioden på 104 veker. Arbeidslause som har mista retten til dagpengar utgjer no heile 8,5 prosent av dei ledige. Kor mange av dei som er heimehøyrande i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy vert ikkje oppgjeve.

Les: Fleire einslege vaksne i sosialhjelpskøen

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.