Seinsommarpraten: Ei sjeldan kvinne

Etter ein internasjonal karriere i oljebransjen lar Turid Sangolt det lokale underhaldningsmiljøet få dra nytte av logistikkompetansen sin.

Turid Sangolt bak mikrofonen i kontrollrommet på Radio Sotra.

Du har kan hende høyrt henne på RadioSotra saman med hennar faste partnar Sigmund Stigen? Turid Sangolt (71) har vore vikarierande programleiar siste tre åra, med country & western, blues og dansemusikk som spesiale. Når kjendisar som Dr. Hook, Smokie eller Odd Norstoga gjestar Sotra, er det gjerne ho som får intervju med idola.

Leiteboring og logistikk
Turid Sangolt byr på seg sjølv. Spør du, får du høyra ein eventyrleg livshistorie, medan ho sjølv steikjer vaflar heime på kjøkkenet.

Karrieren i oljebransjen byrja med at aleinemora fekk eit vikariat på Ågotnes midt på 1970-talet. Seinare tok det berre av. Ofte vart det lange arbeidsdagar.

Etterkvart gjekk ho gradene innanfor logistikk og leiteboring; Statfjord, Veslefrikk, Yme, Kristin og Norne er mellom dei felta der ho har bidrege til just-in-time leveransar av utstyr ettersom framdrifta i boreoperasjonane tilsa det.

Aldri har Turid Sangolt søka nokon jobb, hevdar ho.

Hovudverneombod
Mobil, Statoil og ENI har vore arbeidsgjevarar. Etter at ho fylte 40 utdanna ho seg til bedriftsøkonom. Ansvarsområdet vart utvida til å omfatta innkjøp og kontraktar.

Som hovudverneombod var ho mellom anna med på å planleggja katastrofehandtering, oljevernberedskap og prosedyrar for handtering av rusmisbrukarar.

På farten
Stavanger var fast base i mange år, på papiret. Det same med Stjørdal. Arbeidet kravde ein fleksibilitet som innebar at ho nærast aldri var heime. Irland, Færøyane, Grønland og Danmark har vore bustad i kortare eller lengre periodar.

Etter at ho tok sluttpakken i Statoil, avslutta ho karrieren i oljebransjen med to år i London, som logistikkansvarlig for brønnplanlegging for ENI på britisk sokkel.

– Eg har alltid hatt lopper i blodet, ønska å reisa, smiler Turid Sangolt.

Ny karriere

Deltakinga i missekåringa til den britiske kolunionen tidleg på 1970-talet gav Turid Sangolt ein sjølvtillit som har kome godt med når ho seinare skal presantera seg.

Då ho flytta heim til Skogsvåg, starta ein ny karriere, denne gongen innan underhaldningsbransjen. Som programleiar for Radio Sotra, og med promotering av trompetisten Kai Robert. Oppgåver som krev ikkje så reint lite planlegging.

Kai Robert, saman med sin lokale kapellmeistar Harald Dyb, har denne veka vore på ny turne i vårt distrikt. Konsertar på Kvednatunet og tre sjukeheimar i Bergen skulle avviklast i løpet av ein dag.

Les: –Det er lov å vera blid

Køyrer opp løypa
Kai Robert har betrudd Turid Sangolt ansvaret for administrasjonen av heile turneen. Sjølv har musikaren berre å møta, løfta trompeten og la tonane klinga. Turid Sangolt har ordna alt, frå innsal av avtalar, via fakturering, til planlegging av dagen, transport og innkjøp av roser til damene.

Selja er noko Turid Sangolt er sjeldant god på:
– Eg har ringt kvar einaste sjukeheim i Bergens-området. Å få til avtalar er langt frå einkelt, hevdar ho.

Men turne vert det. Turid kan dette med å argumentera:
-Eg tek jo pusten frå dei fleste, smiler ho.

Med eit slikt stramt program er det detaljane i planlegginga som avgjer suksessen. Ingenting kan overlatast til tilfeldigheitane, veit den tidlegare logistikkleiaren.

– Eg køyrer opp løypa på førehand. Alt må timast, rigging av utstyr, prating, sal av CD-ar og nedrigging av utstyr.

Tilbake til London
Dei mange åra i internasjonal oljeverksemd har skaffa Turid Sangolt eit unikt nettverk. Slik klarte ho å arrangera ein miniturne for Kai Robert hos norske institusjonar i London. Noko som igjen førte til at han fekk spela då lysa på den norske julegrana på Trafalgar Square vart tende.

Eit eventyr
Men ikkje alt har gått etter plan. Det var handarbeidslærarinne Turid Sangolt eigentleg skulle verta.

Før karrieren i oljebransjen tok livet eit uventa sidespor, ifølgje henne sjølv: Poserande, ikledd badedrakt og sid kjole, havna 25-åringen frå Skogsvåg på 2. plass i finalen i den nasjonale missekonkurransen til den britiske kolunionen.

– Missekåringa gav sjølvtillitt, noko som særleg har kome til nytte når eg seinare skal presentera meg i nye samanhangar, smiler ho 45 år seinare.

– Eg har vore med på mykje rart og litt galskap, oppsummerer den spreke kvinna livet. Så langt.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.