Åtvarar mot overskot av nye bustadar

Fylkeskommunen skrur ned forventingane om framtidig folkevekst i Bergensregionen. Kommunekamp om dei nye tilflyttarane kan føra til overskot på nye bustadar, åtvarar fylkesordførar Anne Gine Hestetun.Føresetnadane for folkevekst og bustadbygging i Hordaland er radikalt endra på få år. I 2014 freista næringslivet å mana til krise. Vi måtte byggja for 250.000 nye innbyggjarar innan 2050, vart det hevda.

Les: Norgeshistoriens mest kostbare marknadsplan

Les: Prognosemakeri

70.000 nye innbyggjarar
Siste åra har arbeidsinnvandringa frå utlandet tørka inn, tilbake til det som var vanleg før det tok av med utvidinga av EU i 2007, ifølgje analyseavdelinga til fylkeskommunen. Med det er realismen tilbake i fylkesplanlegginga. I analyserapporten ”Fylkesprognosar Hordaland 2018 – 2045: Scenario for bustadbehov” som var publisert før helga, er dei luftige vekstprognoseane som vart lanserte med brask og bram for få år sidan jekka kraftig ned.

70.000 fleire innbyggjarar i Bergensregionen innan 2045 er det som er mest realistisk å forventa, og som kommunane bør planleggja for, ifølgje analyserapporten.

Lågare forventningar til innvandring og fødselsoverskot gjer at fylkeskommunen sine prognosar er noko lågare enn SSB sine prognosar.

Manar til samarbeid
Alle kommunane rundt Bergen bør få sin andel av folkeveksten. Kommunane bør samarbeida om planlegginga av lokaliseringa av dei nye bustadane som den forventa folkeveksten vil utløysa, oppfordrar fylkesordførar Anne Gine Hestetun i samband med publiseringa av analyserapporten.

– God samordning mellom kommunane er viktig for å unngå overskot av bustader, oppfordrar Hestetun.

Fryktar bustadoverskot
– Bustadoverskotet i Bergensregionen kan verta stort dersom kommunane forsøkjer å tiltrekkja seg mest mogeleg tilflyttarar kvar for seg, åtvarar fylkesordførar Hestetun.

– Dette vil vera ein uheldig konkurranse mellom kommunane, noko som igjen vil skapa utfordringar for plan- og tilrettelegging av kommunale, fylkeskommunale og statlege tilbod og tenester som vegar, skular, vassreinseanlegg og liknande, seier Hestetun.

41.000 nye bustadar
Den forventa folkeveksten i Bergensregionen vil utløysa behov for 41.000 nye bustadar i heile regionen, ifølgje analyserapporten. Når talet er såpass høgt, er det fordi planleggjarane ser for seg at stadig fleire vert aleinebuande.

Rapporten ser vekk frå at endringar på arbeidsmarknaden, i lønsnivå eller i bustadprisane er faktorar som vil kunna påverka bustadbehovet.

Les: Gjestekommentar: Byutvikling på ville skinner

Passe stor?
I dag nyt fleirtalet av innbyggjarar i regionen godt av å ha ein bustad som er rommelegare enn storleiken på husstanden tilseier. Morgondagens bustadar bør ver meira tilpassa til forventningane om utviklinga i familiestorleik, tilrår analyserapporten.

Fire scenarier
Analyserapporten inneheld fire scenarier. Eit høgalternativ, eit lågalternativ, eit hovudalternativ og eit mellomalternativ, i tillegg til SSB sine framskrivingar.

– Vi reknar risikoen for at lågscenarioet vil inntreffe som meir realistisk enn at høgscenarioet vil inntreffa. Lågscenarioet inneber ein midlertidig «tømming» av dei mange innvandrarane som kom i den kraftige vekstperioden frå 2007 til 2015, og som kan ha låg grad av tilknytting til Noreg. Ei søkkande fruktbarheit vil gjere fruktbarheita i fylket (landet) meir lik den vi ser i resten av Europa. Vi vil derfor ikkje tilrå kommunane å planleggje etter høgscenarioet, samstundes som vi oppmodar dei om å vere førebudd på at lågscenarioet kan inntreffe, skriv Stian Skår Ludvigsen som har utarbeida analysen for Hordaland fylkeskommune.

– Befolkningsprognosane er ikkje hogd i stein, men dei inneheld nokre komponentar med sterke krefter som er vanskelege å endre på, spesielt aldring. Dei aller fleste innbyggjarane bur allereie i dei kommunane dei kjem til å bu i i nær framtid, ifølgje Ludvigsen.

Les: Stor usikkerhet om behovet for lokal bustadbygging

Du kan lasta ned analyserapporten ”Fylkesprognosar Hordaland 2018 – 2045: Scenario for bustadbehov” her.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.