Stor usikkerhet om behovet for lokal bustadbygging

Nye Øygarden og Askøy bør planleggja for ein årleg folkevekst på 1,1 prosent i åra framover, tilrår Hordaland fylkeskommune.

Det er i analyserapporten ”Fylkesprognosar Hordaland 2018 – 2045: Scenario for bustadbehov” som var publisert før helga, at fylkeskommunen peikar ut retninga for ei samla planlegging i Bergensregionen fram mot 2045.

Les: Hestetun fryktar overskot av nye bustadar

Med ein vekst på 1,1 prosent vil folketalet i Øygarden auka med 490 personar årleg, slik at det vil bu 50.800 personar i kommunen i 2045, ifølgje det sokalla hovudalternativet i fylkesprognosen.

Ei tilsvarande utvikling i Askøy vil innebera 380 fleire asketappar i året, og eit folketal på 39.200 i kommunen i 2045.

Bustadbehov
I Øygarden vil den forventa folkeveksten utløysa eit behov for 220 nye bustadar i året, altså vesentleg færre enn det er under bygging i dag.

Det vil vera behov for 50 bustadar til store familiar, 70 til mellomstore familiar, og 100 til einslege, ifølgje rapporten.

I Askøy ser ein føre seg at folkeveksten vil utløysa behov for 180 nye bustadar årleg, fordelt på 40 til store familiar, 60 til mindre familiar og 80 til einslege.

Stor usikkerhet
Analyserapporten inneheld fire scenarier, i tillegg til SSB sine framskrivingar. Fordelinga av folkeveksten på dei einskilde kommunane er forbunde med større usikkerhet enn prognosane for Bergensregionen som heilskap, understrekar Stian Skår Ludvigsen som har utarbeida scenariene på vegne av fylkeskommunen.

– Å tru at kvar kommune skal kunne tiltrekkja seg tilflyttarar utan at det går på kostnad av dei andre kommunane i regionen, er urealistisk, hevdar Skår Ludvigsen.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.