Vil leggja ny vidaregåande til Stovevatnet

Ny vidaregåande skule for Sotra og Øygarden bør lokaliserast til Stovevatnet, tilrår fylkesutval for opplæring og helse.

Her, mellom rådhuset og Sartor Storsenter, bør den nye vidaregåande skulen lokaliserast, tilrår fylkesutval for opplæring og helse.

Ein ny vidaregåande skule for Sotra og Øygarden vil få eit areal på 16.000 kvadratmeter og skal erstatta den noverande skulen på Bildøy og avdelinga i Sund.

Sentral plassering
Utvalet følgte oppfordringa frå fylkesrådmannen om at ny vidaregåande skule for Sotra og Øygarden bør liggja mest mogeleg sentralt i regionsenteret i forhald til kollektivterminal og øvrige senterfunksjonar.

– Lokalisering av skulen på denne tomta vil bidra til å binda saman offentleg og private funksjonar i bykjerna på Straume på ein god måte, ifølgje fylkesrådmannen.

Les: Freistar med gratis tomt til ny Sotra vidaregåande

Idrettshall?
Fylkesutvalet for opplæring og helse valde å sjå vekk frå dei to mest sentrale innvendingane mot valet av Stovevatnet:

Å etablera ein ny vidaregåande skule på tomta ein får når Stovevatnet vert fyllt med massar som vert til overs frå utbygginga av nytt Sotrasamband vil kosta 35 – 70 millionar kroner meir enn om han hadde blitt plassert på Bildetangen som var det andre tilrådde alternativet frå fellesnemnda for nye Øygarden, ifølgje fylkesrådmannen.

Endeleg oversikt over meirkostnaden vil først verta klar når ein veit om ein og må byggja ny idrettshall i tilknyting til den nye skulen, eller om Sotra Arena, eventuelt Bildøyhallen, kan nyttast til føremålet.

Byggjestart?
Planen for utbygging av Sotrasambandet tilseier at den nye brua med tilhøyrande vegsamband skal stå ferdig i 2024. Det er likevel usikkerhet knytta til om tomta på Stovevatnet vil vera klar til byggjestart tidsnok til at den nye skulen kan står ferdig i 2024, slik fylkeskommunen sin skulebruksplan tilseier.

Tomtevalet skal no opp for fylkesutvalet, før det skal endeleg avgjerast i fylkestinget.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.