Aukar mest

Båtruta Kleppestø – Standkaien er det kollektive transportmiddelet i Hordaland som kan visa til største prosentvise auken i popularitet hos dei reisande.

Ny båt med større kapasitet på båtruta Kleppestø – Strandkaien bidrog til at passasjertalet auka med 14,3 prosent i første halvår.

Heile 298.000 personar valde å reisa med båten mellom Kleppestø og Strandkaien dei seks første månadane i år, melder kommunikasjonsrådgjevar Ingrid Dreyer i Skyss.

Samanlikna med same tid i fjor utgjer passasjertalet ein auke på 14,3 prosent, ifølgje ei pressemelding frå Hordaland fylkeskommune.

Den populære båtruta kan dermed visa til ein større prosentvis auke i passasjertalet enn Bybanen, som «berre» kan visa til ei auke i talet på reisande med ti prosent.

I heile fjor var det 563.000 personar som valde å reisa sjøvegen mellom Askøy og Bergen, tilsvarande ein auke på 17 prosent.

Også dei andre båtrutene i fylket kan visa aukande oppslutnad hos dei reisande.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.