Gulljakt på Hanøytangen

Dagleg leiar Geir Olav Bøe i Norscrap West AS er ikkje framand for tanken om å driva gulljakt på Hanøytangen. Så langt har det blitt med tanken.

Å henta ut gull frå slike haugar med metallskrap er langt meir krevjande enn om skraphandlarane hadde blitt pålagt å fjerna dei elektroniske kretskorta frå bilvraka før fragmentering, hevdar dagleg leiar Geir Ove Bør i Norscrap West.

Den norsk bilparken inneheld meir gull enn all annan forbrukarelektronikk til saman, hevdar administrerande direktør Bjørn Arild Thon i Renas AS.

Les: Gjestekommentar: Det er mye gull i en gammel golf

Ser problemet
På Hanøytangen tek dagleg leiar Geir Olav Bøe i Norscrap West AS mot inntil 7.000 bilvrak årleg til fragmentering og gjenvinning.

Bøe er samd med Thon i problemstillinga. Han er likevel skeptisk til Renas sine anslag over kor store mengder gull som skjuler seg i eit gammalt bilvrak samanlikna med andre typar forbrukarelektronikk som mobiltelefonar og PC-ar.

Teknisk mogeleg
Å gjennvinna gull frå gamle bilvrak er teknisk mogeleg, men å få ut alt av sjeldne metall frå vraka vil krevja systemendringar, hevdar den daglege leiaren i Norscrap West AS ovanfor nettavisa Tunnelsyn.no.

Ein moderne bil inneheld små mengder gull og andre sjeldne metall montert på digitale kretskort. Talet på grøne kretskort varierer frå bilmerke til bilmerke. Det at elektronikken er skjult på ulike plassar i vraka, avhengig av bilmodell, bidreg til å gjera uthentinga krevjande.

Systemendringar
Alt i dag skjer det ei beskjeden utvinning av gull og andre sjeldne metall frå bilvrak, ifølgje Bøe. Arbeidsprosessane gjer at storparten går likevel tapt, medgjev han.

Skal det verta lønsamt for skraphandlaren på Hanøytangen å gå på gulljakt i gamle bilvrak, må det systemendringar til, ifølgje Bøe.

Lovpålegg
Det er to krav som må oppfyllast, i følgje den daglege leiaren på Norscrap West.

Det første er at det må verta lovpålagt å fjerna all elektronikk frå bilane før vraka vert fragmentert. Noko slikt krav finst ikkje i dag. Å sortera delane i etterkant av fragmenteringa er langt meir krevjande.

Kravet kan eventuelt innførast i form av ei forskrift.

Vrakpant
Skal ei slik lovendring vera økonomisk gjennomførbar, må vrakpanten auka slik at den reflekterer meirarbeidet ei slik manuell uthenting av elektronikken vil innebera.

Kor mykje vrakpanten må auka, er ei problemstilling Bøe ikkje har jobba særleg med, og som han difor ikkje kan svara nøyaktig på.

– Vrakpanten kan verta alt frå 3.000 til 15.000 kroner antydar han.

Les: Vil hogga skip på Hanøytangen

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.