No kan du verta medeigar

Vil du vera med å byggja opp eit berekraftig, alternativt nyhendemedium for nye Øygarden og Askøy?

Måsen har vore Tunnelsyn sitt kjenneteikn. Symbolet på ein fri medikanal.

Ein ny kommune skal byggjast, og banda over Hjeltefjorden treng reetablerast. Kommunane vest for Bergen treng eit alternativt nyhendemedium som kan formidla det som skjer frå Hernar til Marsteinen, og frå Turøy til Erdal. Sjå ting i samanhang, peika på forskjellar, og omtala trendar og hendingar som påverkar samfunnet vårt utanfrå.

Tre år med nettavisa Tunnelsyn.no har vist at konkurranse er sunt, og når det gjeld lokalt medieinnhald. Innbyggjarane i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy kan i dag gleda seg over eit langt breiare tilfang av nyhende enn før Tunnelsyn.no såg dagens lys.

Slik håpar eg det framleis kan vera.

Erfaringa med Tunnelsyn viste at leselysta hos innbyggjarane i dei fire kommunane var større enn interessa hos potensielle annonsørar, så akutt likviditetsskvis sende eigarselskapet Straumsundet AS i skifteretten.

Buet er enno ikkje oppgjort. Som einaste aksjonær og skuldnar, seier eg meg villig til å redusera gjelda, og å konvertera resten til eigenkapital.

Føresetnaden er at fleire støttar opp under nyhendemediet. Eit berekraftig alternativt nyhendemedium treng aksjonærar som kan bidra med likviditet, og annonsørar som ønskjer å forplikta seg til å bidra til ei sunn drift.

Sist, men ikkje minst, vil det vera behov for styremedlemmar med kompetanse, tid og mot til å gjera dette til ein kommersiell suksess.

Tenkjer du at Tunnelsyn.no har vist kvalitetar som bør vidareførast? Kan du tenkja deg å vera med å byggja opp eit berekraftig, alternativt nyhendemedium for nye Øygarden og Askøy?

Ring meg på 909 44 431, eller send ein epost til liv.stromme@gmail.com. Ikkje nøl!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.