Får 41,2 laksemillionar

Ordførarane i Fjell, Sund og Øygarden kan gleda seg over å få totalt 41,2 millionar i utbetaling frå Havbruksfondet i år.

Ordførarane i Fjell, Sund og Øygarden kan smila over ekstra midlar i dag.

Heile 70 prosent av inntekta for sal av nye konsesjonar for oppdrett av laks og aure går direkte tilbake til kommunane som vert vertskap for dei nye oppdrettsanlegga. I dag vart det klart korleis midlane for 2018 skal fordelast.

Norske oppdrettsselskap har i år måtta ut med totalt 5,7 milliardar for å kjøpa konsesjonar til å utvida biomassen i merdene. Av dei går 41,2 millionar kroner til Fjell, Sund og Øygarden.

Mest i nord
Mest får dei i Øygarden. Heile 18,7 millionar kroner. Ordførar Børge Haugetun (TVØ) kan gleda seg over at ekstrainntektene frå nye oppdrettsanlegg i kommunen utgjer tre gongar så mykje som svikten i dei budsjetterte skatteinntektene så langt i år.

Fullt så mykje får dei ikkje i Fjell og Sund. Henhaldsvis 11,6 (Fjell) og 10,9 (Sund) friske millionar vil likevel monna godt når rekneskapane for 2018 skal gjerast opp. I tillegg til å kompensera for svikt i skatteinngongen, vil inntekta frå Havbruksfondet dempa effekten av redusert veksttilskot som følgje av lågare folkevekst.

Askøy får 4,5 millionar kroner i denne tildelingsrunden.

Frie midlar
Dette er andre året det vert delt ut midlar frå Havbruksfondet.

Laksemillionane vert tildelt kystkommunane som frie midlar, utanom dei faste postane i Regjeringa sitt inntektssystem.

Kortvarig glede?
Gleda over ekstramillionane kan verta kortvarig for kommunepolitikarane, åtvarar Sjømat Norge i ei pressemelding.

Dagens ordning tilseier at 20 prosent av inntektene frå salet av nye konsesjonar går til Regjeringa og 10 prosent til fylkeskommunane. Regjeringa har no sett ned eit utval som skal drøfta ei ny særskattordning for havbruksnæringa. Arbeidet kan føra til ei omlegging av ordninga, slik at langt meir av midlane til statskassa, åtvarar Sjømat Norge.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.