Vil gje fleire lån til å kjøpa eigen bustad

Skal fleire fjellsokningar få råd til å kjøpa eigen bustad, må utlånsramma for ordninga med startlån utvidast.

Det manglar ikkje på ledige husvære i Fjell. Heller ikkje i Straume-området. Startlån i Husbanken, formidla gjennom kommunen, har gjeve fleire økonomi til å kjøpa.

Svært mange fjellsokningar har i år søkt om startlån frå Husbanken, formidla gjennom kommunen.

Populær ordning
Så langt i år har Fjell kommune sagt ja til 43 av dei 129 innkomne søknadane. I heile fjor kom det inn 220 søknadar, framkjem det av sakspapira til formannskapet onsdag denne veka.

Av den totale utlånsramma på 77 millionar kroner for 2018, stod det ved inngangen til august berre att 3,5 millionar til utlån.

20 millionar ekstra
Startlån er i utgangspunktet meint å skulle sikra ungdom og økonomisk vanskelegstilte påkravd eigenkapital på 15 prosent i ved kjøp av eigen bustad.

Innstrammingar i finansavtalelova inneber at stadig fleire fjellsokningar får problem med å skaffa den eigenkapitalen som no vert påkravd ved bustadkjøp.

For å sikra fleire fjellsokningar økonomi til å kjøpa seg tak over hovudet, tilrår rådmannen difor at utlånsramma for 2018 vert utvida med inntil 20 millionar.

Sist i køen
Dei som vurderer dei innkomne søknadane har så langt valt å prioritera barnefamiliar. Heile 32 av dei godkjende låntakarane har mindreårige barn.

Dei siste elleve innvilga søknaden vert fordelte mellom barnlause par, par med vaksne barn og einslege.

Einslege, med berre ei inntekt, og som vil ha stort behov økonomisk støtte på bustadmarknaden, stiller dermed sist i køen.

Barnefamiliar med kredittkortgjeld
Høg kredittkortgjeld i nokre barnefamiliar, inneber at kommunen i eindel tilfelle har valt å prioritera å fullfinansiera bustadfinansieringa til desse barnefamiliane for å unngå tvangssal, ifølgje sakspapira.

Dei valde prioriteringane inneber at dei innvilga lånseøknadane krev langt større del av potten, og at færre får nyta godt av ordninga.

Stort tilbod på bustadmarknaden
Det er for tida stort tilbod av bustadar til sals i Fjell. I følgje Finn.no har det offisielle talet på bustadar til sals i kommunen lege stabilt kring 300 siste åra. Kring tredelen av desse er nybygde. Mange vert selde som prospekt.

Les: Er det nokon som snakkar om bustadboble?

Treng fullfinansiering
Mange av dei som søkjer om startlån søkjer om fullfinansiering av bustadkjøpet. Snittsummen på dei omsøkte låna utgjer 2,5 millionar kroner.

Skulle Fjell kommune ha sagt ja til samtlege, ville det ha kravd ei utlånramme på minst 322 millionar kroner årleg, ifølgje sakspapira.

Privat finansiering
Korleis tilbodet på bustadmarknaden er tilpassa behovet til desse mest økonomisk vanskelegstilte, er uvisst.

For å få seld prosjekta sine er det no fleire av utbyggjarane i Fjell som tilbyr privat lånefinansiering gjennom eigne finansieringsverksemder, utanom ordinære bankar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.