Nye Øygarden er ei mannfolkgreie

Menn med gråstenk i hårvikane er dei som er mest opptekne av Nye Øygarden, men sjølv dei gjev uttrykk for skepsis til prosjektet.

Innbyggjarane i Fjell, Sund og Øygarden er lite imponerte over innsatsen til lokalpolitikarane. Størst er skepsisen i Fjell.

Rapporten ”Nullpunkt-kartlegging av ”vi-kjensle” i nye Øygarden kommune” er interessant lesnad. Mest av alt fordi rapporten, som er utarbeida av den nystarta Oslo-verksemda Reell Medvirkning AS på oppdrag frå Fellesnemnda, ikkje gjer noko forsøk på analyse av tilbakemeldingane frå strilane.

Låg deltaking
Det er synd. Deltakinga i undersøkinga, som samtlege innbyggjarar fekk SMS-invitasjon til, vitnar om låg interesse for prosjektet generelt, noko som burde ha vore betre reflektert i rapporten.

Berre 2.314 personar, eller vel seks prosent av innbyggjarane i dei tre kommunane tok seg bryet med å svara på den opne invitasjonen til å delta i internettundersøkinga som vart gjennomført i mai.

Oppslutnaden om den opne, frivillige undersøkinga er såvidt høgare enn om innbyggjarundersøkjinga våren 2016.

Les: Innbyggjarundersøkijinga: Ofrar lokaldemokratiet for næringsutvikling

Mellomaldrande menn
Av dei som har svara, er det ei tydeleg overvekt i aldersgruppa mellom 41 og 60 år. Fleirtalet av respondentane er menn. Særleg i Sund verkar det vera mennene som rår…

Dagleg bruk av data og internett var ikkje avgjerande for responsen. Heller tvert om. Ungdomen bryr seg ikkje, eller så har politikarane ikkje nådd fram til denne aldersgruppa med bodskapen sin. Av dei som svara, var berre 24 under 18 år, trass i at heile 25 prosent av innbyggjarane i kommunane er i denne aldersgruppa.

Kvinner er og underrepresenterte, om enn i langt mindre grad.

Lokalkjensle
Ikkje overraskande er det dei som har budd her lengst, som bryr seg mest og som gjev tydelegast uttrykk for kva dei meinar. Tre av fire respondentar har budd i kommunane i meir enn ti år.

For den nye kommunen sett under eitt er 63 prosent stolte av å vera strilar. Vel halvparten av dei som svara seier dei identifiserer seg med kyst- og strilekulturen.

Oppslutnaden om lokalkulturen er langt sterkare i Sund og Øygarden enn i Fjell. I ”kommune gjennomtrekk” er det berre 45 prosent som seier dei identifiserer seg med strilakulturen. Kvar fjerde innbyggjar her svarar tvert om, at dei ikkje kjenner noko tilknyting til kyst- og strilakulturen.

Berre tre av ti fryktar at den nye kommunen vil føra til at vi mister lokalkjensla. Fleirtalet trur likevel ikkje at det vil verta lett å skapa noko ”vi-kjensle” i nye Øygarden.

Manglar tillit til politikarane
Berre to av ti respondentar svarar at dei har tillit til dagens politikarar. Dobbelt så mange, heile 40 prosent, seier at dei ikkje har tillit til politikarane. Størst er politikarskepsisen i Fjell. Kan hende ikkje så overraskande, sett i lys av vedtaket om å leggja ned skulane på Liljevatnet og Tellnes?

… og til prosessen
Prosessen kring kommunesamanslåinga får og det glatte lag. Her er det likevel 28 prosent som seier dei har tillit til det som vert gjort. 35 prosent er negative. Og her er skepsisen størst i Sund.

Enno litt fleire trur at nye politikarar kan bidra til å gje den nye kommunen ei positiv utvikling. Dei fleste vel likevel å vera avventande og gje dei nye politikarane ein sjanse. Her er det og langt færre som svarar at dei er negative.

Redusert valdeltaking
Om spørjeundersøkinga var ein førehandsprognose på valdeltakinga neste haust, så ser det ut til at den vil gå ytterlegare ned, samanlikna med kommunevalet i 2015. Særleg ser det ut til å gå ut over valdeltakinga i Øygarden, kommunen der ordførarpartiet TVØ gjekk til val på at Øygarden framleis skulle stå aleine, berre for å tverrvenda då saka skulle avgjerast.

Du kan lasta ned rapporten her

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.