Døydde i sjukeheimskø

Sju eldre i Askøy døydde medan dei venta på langtidsplass i sjukeheim.

Askøy er ein av dei kommunane som oppfyller krava om registrering og rapportering av ventelister til opphald i sjukeheim og omsorgsbustad. (Arkivfoto: Kjelde Atea).

Eldreomsorg har lenge vore ei prioritert oppgåve i Askøy. I motsetnad til Fjell, er Askøy ein av dei kommunane som oppfyller krava om registrering og rapportering av ventelister til langtidsopphald i sjukeheim og omsorgsbustad.

Døydde i sjukeheimskøen
34 eldre søkte om langtidsopphald på sjukeheim i Askøy i andre kvartal. Sju av dei døydde i sjukeheimskøen, kjem det fram av oversikten rådmann Eystein Vennesland har sendt Eldrerådet.

15 av søkjarane fekk søknaden innvilga. Sju av søknadane var framleis ikkje behandla 30. juni.

Les: Få klager i eldreomsorga – eldre fryktar represaliar

Korttid
Totalt 50 personar søkte om korttidsopphald på sjukeheim i Askøy i månadane april – juni. 44 av dei fekk innvilga opphald. Ein døydde i ventetida. Ein fekk avslag på søknaden, rapporterer rådmannen.

Omsorgsbustad
I same perioden var det 17 personar som søkte om plass i omsorgsbustad for eldre. Av dei var det ein som døydde i ventetida. Berre fire personar fekk innvilga søknaden. Åtte av søknadane kom inn så seint at kommunen ikkje rakk å behandla dei før ferien.

Det er no seks personar som ventar på plass i omsorgsbustad i kommunen.

Venteliste
Ni askeværingar oppfylte krava til langtidsopphald i sjukeheim og stod på venteliste til fast plass i august. Sju av søkjarane var innlagde til korttidsopphald.

To av dei budde framleis i sin eigen heim. Definisjonen av ”eigen heim” omfattar også omsorgsbustad.

Ferdigbehandla
Køane til trass, Askøy kommune har i først halvår registrert ein kraftig reduksjon i talet på betalte overnattingar for ferdigbehandla pasientar på sjukehus. Dei seks første månadane i år måtte kommunen berre betala for 55 overnattingar, mot heile 274 i same perioden i fjor.

Kvart døgn ferdigbehandla pasientar vert liggjande på sjukehus kostar no kommunen 4.747 kroner.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.