Askøy-foreldre klager på krenking i grunnskulane

Foreldre på Askøy har sendt tolv klager til fylkesmannen om påståtte krenkingar i grunnskulane i kommunen.
(Saka er oppdatert.)

Ikkje alle ungar opplever ein skulekvardag som fremmar helse, trivsel og læring. Når foreldra kan klaga direkte til fylkesmannen, vil fleire skular verta tvungne til å gripa inn, er intensjonen bak endringa av § 9A i opplæringslova. (Arkivbilete. Kjelde: Kunnskapsdepartementet)

Dette kjem det fram av ei orientring frå rådmannen i Askøy til utval for oppvekst.

Foreldre kan no klaga direkte til fylkesmannen i situasjonar der dei meiner einskildelevar vert utsette for grove krenkingar som mobbing, vald, diskriminering eller trakassering. Det er ikkje lenger påkravd å gå vegen via rektorane og skuleadministrasjonen.

12 klager
Endringa i § 9A i opplæringslova, som vart innført 1. august i fjor, har så langt utløyst 12 klager frå foreldre med ungar i grunnskulen i Askøy til fylkesmannen i Hordaland.

Klagene vert retta mot tilhøva ved sju av skulane i kommunen.

Fylkesmannen har gjeve foreldra medhald i seks av klagene. I fire av tilfella avviser fylkesmannen at det har skjedd noko gale. To av sakene er trekt som følgje av ny dialog mellom skule og heim.

Frykta lovendringa
I forkant av lovendringa var det mange rektorar som gav uttrykk for at det ville verta vanskeleg å etterleva dei nye krava om nulltoleranse for mobbing, vald, diskriminering og trakassering i skulane.

Les: Førehandslanserte ny anti-mobbelov i Fjell

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.