Tidlegare plansjef Berit Karin Rystad (52) i Fjell er ei av fire kvinner som har søkt stillinga som rådmann i nye Øygarden.

Til saman har det meldt seg 13 søkjarar til den utlyste stillinga, ifølgje heimesida til Fjell kommune.
Ikkje utventa står Rune Lid (51), rådmann i Sund og prosjektrådmann i nye Øygarden, også på søkjarlista.
Les: Vert han første rådmann i nye Øygarden?
Les: No gjeld det å gjera dei rette prioriteringane
Dette er den offisielle søkjarlista:
*Torbjørn Gaarder (63), chief credit officer, Oslo
*Ingvild Hjelmtveit (51), rådmann, Bergen
*Gunnar Selvik (55), direktør, Paradis
*Inge André Utåker, (55), regionsjef, Bergen
*Ståle Øvrebø (57), seniorrådgjevar, Laksevåg
*Remi Krognes (35), butikksjef, Kleppestø
*Rune Lid (51), rådmann, Godvik
*Berit Karin Rystad (52), leiar for sykkel og mobilitet, bymiljøetaten, Bergen
*Martin William Kulild (54), rådmann, Bergen
Fire søkjarar har kravd å verta haldne unnateke offentlegheit.
Berit Rystad var plansjef i Fjell frå 2013 til og med sommaren 2017. Før det jobba ho mellom anna i landbruksavdelinga til fylkesmannen i Hordaland. Rystad var administrativ ansvarleg mellom anna for å gjennomføra den kontroversielle utbygginga til Straume Sjøfront. Fireårsperioden som plansjef i Fjell står ikkje oppført på CV-en hennar på Linkedin.
Les:
Ser at en av de svakeste plansjefer er en av søkerne til stillingen som rådmann i Øygarden Kommune.
Hvorfor ble hun spurt om å søke stillingen? (for noen må være tjent med at hun skulle søke)
Hun kom fra fylket, så til Fjell som plansjef, så etter kort tid ble hun ansatt i Bergen Kommune som «sykkelsjef».
Har gjennom den tiden hun var «plansjef» erfart, at det er ikke noen vest for Bergen tjent med.
LikarLikar