Nye Øygarden nord – sør i 80 kilometer i timen

Ågotnes – Austefjorden på 19 minutt. Detaljreguleringsplanane for vegane som skal binda nye Øygarden saman er klare til politisk behandling.

Høgholmen bru over Fjæreidpollen vert 510 meter lang og den lengste av dei ti bruene på den nye «stamvegen» som skal binda nye Øygarden saman nord – sør. Illustrasjon: Multiconsult.

Med køane over Sotrabrua er det lett å gløyma at Sotrastrilen ikkje berre skal til og frå byd’n. I ein kommune som dekkar heile området frå Hernar i nord til Tofterøy i sør vert tilrettelegging for rask og trygg kommunikasjon innanfor kommunegrensa langt viktigare enn i dag.

Integrering
Forlenginga av nye Sotrasambandet mot nord og sør vert planlagt som eigne byggjetrinn. Knappe 25 kilometer ny fylkesveg, planlagt for 80 kilometer i timen, skal utgjera ryggraden i det nye interne vegnettet som skal bidra til integreringa i den nye kommunen.

Når vegane står ferdig vil køyreturen frå Ågotnes til Austefjorden gjennom urørt Sotra-landskap kunna gå unna på 19 minutt.

Veganlegga vil få til saman ti bruer, fire tunnelar og fleire kompliserte kryssløysingar, ifølgje framlegga til detaljreguleringsplanar for fv. 561 Kolltveit – Ågotnes og fv. 555 Kolltveit – Sund grense.

Begge planane skal no opp til politisk behandling i Fjell.

Trafikk i 2050
Vegstandarden vert planlagt ut frå trafikkprognosane for 2050.

Usikker framtid for offshorenæringane, kombinert med auka satsing på kollektivtransport tilseier eit veldig sprik i trafikkprognosane for Kolltveit – Ågotnes, frå 11.200 til 19.600 ÅDT i 2045. Dei 9,7 kilometer frå Kolltveit til Ågotnes bør difor regulerast som firefelts veg, men byggjast som tofelts veg, har fylkesutvalet i Hordaland vedteke.

Vegen nordover vert planlagt med tre bruer, den lengste på 510 meter over Fjæreidpollen, og miljølokk på Ågotnes.

Skjermar Fjell gard
Dei 15 kilometrane sørover frå Kolltveit til Austefjorden vil innebera bygging av fire tunnelar og sju bruer. Ein lang tunnel på 2,8 kilometer skal etter planen skjerma Fjell gard for gjennomgangstrafikk. Når tunnelen kan stå ferdig er likevel usikkert.

Trafikken skal framleis gå gjennom Skogsskiftet. Her vert det teke høgde for 7800 ÅDT.

Les: Trafikken skal framleis gå gjennom Skogsvågskiftet

Trafikkmengda vil vera klart størst på strekkja mellom Kolltveit og Blommen. Inntil 15.500 ÅDT tilseier at dagens veg vert utvida til fire felt like sør for Kolltveitkrysset..

Seks milliardar
Samla investeringsbehov for dei to delprosjekta nærmar seg eit halvt Sotrasamband. Dei samla kostnadane for dei 25 kilometrane med ny fylkesveg kan enda ein stad kring seks milliardar kroner, ifølgje overslag utført i 2017.

Fullt utbygd med fire felt og to-plans kryss på Ågotnes vert kostnaden for ny fv. 561 stipulert til 2,36 milliardar. Bygd etter einklaste standard, med berre to felt og romlefelt istaden for midtdelar, kan ein sleppa unna med 1,9 milliardar, i første omgang. Om ein seinare skal utvida vegen til fire felt, vert totalkostnaden vesentleg høgare, åtvarar Statens vegvesen i framlegget til detaljreguleringsplan.

Bompengar?
Med ein 2,8 kilometer lang tunnel bak Fjell gard vert kostnaden med dei 15 kilometrane frå Kolltveit til Austefjorden stipulert til 3,34 milliardar kroner. Vert vegsambandet i staden utbygd i fem trinn, ettersom finansieringa føreligg, vil kostnaden enda på 3,42 milliardar.

Finansieringa av veganlegga er enno ikkje vedteken. Dei politiske signala tilseier bompengar, og at bilistane må betala gildet. Ei slik løysing må i så fall først velsignast av Stortinget.

I vegen for vegen
Mange eigedomar vert berørte av reguleringsplanane. Omfattande grunnerverv må difor til før arbeida kan starta.

Tre bustadhus på Fjell og Tellnes og like mange hytter ligg i vegen for nyevegen sørover og må rivast.

Ei hytt må rivast for å gje plass til ny fv 561.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.