Føreslår å restarta gründerparken

Nye lokale, ny samarbeidsmodell og ny finansiering. Styret i Regionrådet Vest ønskjer å gå for Gründerparken Vest versjon 2.0.

Gründerparken Vest har vore kontorstad for ei handfull lokale gründarar siste to åra. Avtalen med kommunane om finansiering og med Sartor Storsenter om leige av lokale til Gründerparken Vest går ut ved årsskiftet.

Styret i Regionrådet Vest ønskjer at satsinga skal vidareførast, men i ein annan form enn i dag, vedtok dei i dag.

Les: Kommentar: Luftig gründersatsing

For å styrka det faglege tilbodet, og vri satsinga meir i retning av teknologi, vert det føreslege å søkja samarbeid med Bergen Teknologioverføring og nyskapingsparken i Bergen. Samstundes bør det etablerast nye samarbeidsavtalar med Gode Sirklar og Vest Næringsråd. VNR skal vera ansvarleg for drifta av gründerparken, men som eit sjølvstendig tilbod.

For å sikra drifta i 2019, vil gründerparken trenga å henta inn 1,5 millionar kroner frå kommunane. Føresetnaden for løyvinga må vera at ei permanent finansiering kan koma på plass i den nye kommunen.

Når avtalen med Sartor Storsenter går ut, vil det vera naturleg å finna andre lokale og flytta gründerparken vekk frå handlesenteret. I samsvar med ønskjet om å søkja BTO som ny samarbeidspartnar, er Straume Teknologisenter i Idrettsvegen vera ein stad som peikar seg ut, ifølgje styret i Gode Sirklar AS.

Straume Teknologisenter AS har subsea-gründeren Geir Nordahl-Pedersen og hans investeringsverksemd Ability Holding AS som hovudeigar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.