Ung fiskar fekk statleg legup

Kristoffer Trellevik (27) trakk vinnarloddet i konkurranse med eit 100-tals andre unge fiskarar om rekrutteringskvoter for ungdom som vil satsa på yrket.

Stolt fiskeskippar. Med torskekvoten på dekk, såg Kristoffer Trellevik seg råd til å investera i ein større fiskebåt.

Rekrutteringskvotane vert lyste ut av Nærings- og fiskeridepartementet. Ordninga er meint å skulla gjera det einklare for unge fiskarar å etablera seg, og sikra rekrutteringa til fiskaryrket, ifølgje ei pressemelding.

I desse dagar vert rekrutteringskvotane for 2019 lyst ut. Kvotane er øyremerka fiskarar under 30 år som eig sin eigen fiskebåt. I fjor var det 1.871 unge fiskarar som var aktuelle søkjarar.

Velkvalifisert
For to år sidan var Kristoffer Trellevik frå Sund ein av dei kring 100 søkjarane til ti rekrutteringskvotar.

Trellevik har fagbrev som fiskar, frå Fiskarfagskulen i Austevoll. Han har i tillegg sertifikat som skippar, og er akkurat i målgruppa som Nærings- og fiskeridepartementet håpar å nå med ordninga.

Som ein av dei utvalde fekk han tildelt gratis kvote på 57 tonn torsk, sei og hyse. Ein kvote profesjonelle fiskarar ville ha måtta betala dyrt for.

Torsk
-Rekrutteringskvoten har betydd veldig mykje, seier den unge fiskaren til nettavisa Tunnelsyn.no.

Frå å ha drive hobbyfiske etter krabbe, breiflabb og leppefisk innimellom øktene som mannskap ute på fiskefeltet, fekk innehavaren av Trellevik Kystfiske no råd til å investera i ein større båt.

3 millionar
57 tonn torsk, i tillegg til sei og hyse, utgjer eindel. Forskjellen på før og no kan målast i millionar av kroner for ein ung fiskar. I år håpar Trellevik å kunna fiska for 2,5 til 3 millionar kroner, sei, hyse, leppefisk og breiflabb medrekna. Då brukar han to båtar, og har med seg ein person som mannskap.

-Sotra eit eit fint utgangspunkt for fiske. Her er mange driverdige slag, konstaterer Trellevik.

Skapa arbeidsplassar
Med torskekvoten vel ombord vågar den unge fiskaren øyna at han med tida kan skapa seg ein drivverdig arbeidsplass, med nokre tilsette. Der er han ikkje heilt enno.

– Verksemda er enno ikkje drivverdig nok til at eg tør å ta spranget og starta for meg sjølv, seier Trellevik. I kveld står han på farten til Egersund der fiskefartøyet han er mannskap på har heimehavn.

Statleg legup
Sidan ordninga med rekrutteringskvotar vart etablert i 2009, har meir enn eit 100-tals ungdomar fått ein statleg legup til å satsa på fiskaryrket, ifølgje departementet.

– Fiskerinæringa er avhengig av i tiltrekkja seg nye fiskarar, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik i pressemeldinga og legg til at han håpar mange vil søkja.

Det er Fiskeridirektoratet som administrerer ordninga. Uti neste veke vil både forskrifta for 2019 og søknadsskjemaet vera klart, lovar kommunikasjonsrådgjevar Grete Heegard i Fiskeridirektoratet.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.