Lie Gruppen møtte fylkesutvalet

To representantar for Lie Gruppen AS freista i dag å selja inn planen om ein ny vidargeåande skule for Sotra og Øygarden på Bildetangen ovanfor politikararane i fylkesutvalet.

Jan Arthur Nilssen og Roy-Eddy Lie framfor fylkesutvalet.

Vidaregåande opplæring og bygging av vidaregåande skular er fylkeskommunen sitt ansvar. Fjell kommune og fellesnemnda for nye Øygarden har kome med tilråding i tomtevalet, men fylkeskommunen har siste ordet.

Det var eigedomssjef Roy Eddy Lie og prosjektansvarleg Jan Artur Nilssen som på vegne av den lokale eigedomsutviklaren presenterte planane for eit kunnskapssenter på Nordre Bildøy.

Les: Freistar med gratis tomt til ny Sotra vidaregåande

Eigedomssjefen framstilte dagens presentasjon ovanfor toppolitikarane i Hordaland som noko daglegdags:

– Som næringsutviklarar er vi avhengig av politiske prosessar, og å få fram informasjon om prosjekta våre i mange ulike samanhangar, seier Lie til nettavisa Tunnelsyn.no.

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun (A) ser noko annleis på det:

– Slike presentasjonar frå næringslivet i politiske utval, kan teljast på ei hand. Men når vi får ei henvending, og det er relevante saker, pleier vi seia ja, seier Hestetun.

– Eg er oppteken av opne prosessar, og at ting skal skje i opne rom, legg Hestetun til.

Etter innlegget frå Lie Gruppen, var det Jostein Fjærestad, direktør for eigedomsavdelinga i Hordaland fylkeskommune sin tur til å argumentera for tilrådinga om å leggja skulen til Stovevatnet.

Les: Vil leggja ny vidaregåande til Stovevatnet

Politikarane nytta høvet til å stilla spørsmål og få utdjupa detaljar dei var usikre på. Sjølve diskusjonen ventar dei med til i morgon.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.