Får 22 millionar til gang- og sykkelvegar på Straume

Straume sentrum stikk av med storparten av fylkeskommunen sine ekstramidlar til gang- og sykkelvegar.

Her har fylkesutvalet løyvd 8,4 millionar kroner til opparbeiding av gang- og sykkelveg. Dagens vedtak betyr at det vil koma samanhangane gang- og sykkelveg langs heile vest og sørsida av Sartor Storsenter.

For å stimulera til auka sykkelbruk i kommunane ønskjer fylkesutvalet i Hordaland å setja av 13,355 millionar kroner på årets budsjett. Like mykje skal hentast frå eit statleg investeringsprogram.

Tre prosjekt i Straume sentrum stikk av med storparten av potten:

Gang- og sykkelveg langs Arefjordvegen, frå krysset Bildøyvegen og til Grønamyrsvegen, vert tildelt 11,52 millionar kroner.

Gang og sykkelveg langs Sartorvegen, frå krysset mot Foldnesvegen, og til krysset mot Bildøyvegen, får tildelt 8,4 millionar kroner.

Begge gang- og sykkelvegane er ferdig regulert.

Samtidig løyver fylkestuvalet to millionar kroner til skilting og oppmerking på Straume.

Tiltak for syklande på Stord vert samstundes tilgodesett med 4,75 millionar kroner.

Bergen er får ikkje tildelt midlar i denne runden. Dei får pengar frå bymiljøavtalen, framkjem det av sakspapira til fylkesutvalet.

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.