Seier farvel til politikken

Eva Vik (A), nestleiar i komite for drift i Fjell, seier takk for seg.

Eva Vik (th) har i fleire samanhangar vorte framheva som Arbeiderpartiet si unge, lovande kvinne i Fjell. No seier ho takk for seg.

Kommunestyret i Fjell skal neste veke velja erstattar for Eva Vik som nestleiar i komite for drift (KDF).

Arbeiderpartirepresentanten har byrja på lærarutdanning ved Høgskulen i Østfold denne hausten. Ei utdanning som kolliderer med møteverksemda i KDF, forklarar ho til nettavisa Tunnelsyn.no.

– KDF fortenar at det møter ein fast representant på møtene, og ikkje tilfeldige personar, utdjupar ho beslutninga om å trekkja seg frå nestleiarvervet.

Eva Vik held fram som representant i kommunestyret ut perioden, men så er det slutt:

– Eg har sagt frå meg gjenval, bekreftar ho.

Eva Vik har i fleire samanhangar vore framheva som Arbeiderpartiet si unge, lovande kvinne i Fjell. Ho har vore med i lokalpolitikken i to periodar.

Ho er den andre markante ungdomspolitikaren som forlet Fjell-politikken i løpet av perioden. Karsten Sprenger (H), sa takk for seg ved årsskiftet.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.