Ser stort potensiale i marginal bransje

Nærleiken til ein av dei største reisedestinasjonane i Europa gjer det interessant for Fjell og Sund å styrka satsinga på ein bransje som i dag er marginal.

Ida Gran Jansen skal marknadsføra Sotra og Øygarden som reisemål ovanfor 100 millionar TV-sjåarar. Kva tilbod har vi å by på om ein prosent av dei føl oppfordringa i reklamen? Arkivbilete.

– Kommunane ropar etter nye arbeidsplassar. Ein jobb i reiselivet har vist seg å vera inngangsporten til arbeidslivet for svært mange unge og innvandrarar, hevdar Ole Warberg. Den tidlegare reiselivsdirektøren i Bergen er no styreleiar i NHO Reiseliv.

Ser stort potensiale

Sotranaturen har eit stort potensiale for ei reiselivssatsning, ser vararordførar Tom Georg Indrevik (H). Arkivbilete.

Varaordførar Tom Georg Indrevik (H) i Fjell representerer regionen i styret til Bergen Reiselivslag. Han ser eit stort potensiale i å styrka den lokale reiselivssatsinga:

– Nærleiken til ein av dei største reiselivsdestinasjonane i Europa tilseier at potensialet er stort. Det hjelper likevel lite om vi ikkje har tilbod som får folk til å leggja att pengar, seier Indrevik i ein kommentar til nettavisa Tunnelsyn.no.

Les: Etterlyser kassaapparata i Vestlandsnaturen

Ein eigen tilsett i Reiselivslaget har no fått til oppgåve å vidareføra satsinga på Kysteventyret og utarbeida tilbod for individuelle reisande som ønskjer å besøkja kommunane vest for Bergen.

Les: Sund – det nye Maldivene?

-Kommunane sin besteven
– Turistnæringa er arbeidslivet sin fremste integrator. Kvar tredje tilsett var under 24 år. Heile 41 prosent hadde utanlands bakgrunn, hevda Warberg då han sist veke haldt innlegg på fylkesutvalet i Hordaland sin fagdag for reiseliv.

Det er uvisst kor mange av dei med utanlandsk bakgrunn som er arbeidsinnvandarar og kor mange som først har kome hit som flyktningar eller økonomiske asylsøkjarar og som så treng jobb.

– Big business
På innsida av Sotrabrua er turistnæringa big business. Rekordmange 3,2 millionar tilreisande la i fjor etter seg ei verdiskaping på 355 millionar kroner i Bergen. Og då er ikkje inntektene frå dei mange cruise-passasjerane rekna med, ifølgje Arve Lindgren i Bergen Reiselivslag.

-Reiselivet er kommunane sin besteven, kommenterte Warberg.

Les: Presenterer Sotra og Øygarden for 100 millionar TV-sjåarar

770 arbeidsplassar
I Fjell og Sund er tilbodet til reisande førebels svært avgrensa. Satsinga så langt har likevel ført til etablering av kring 770 arbeidsplassar, ifølgje ein rapport Menon Economics har utarbeida på grunnlag av SSB sin næringsindeks.

Oversikten favnar breidt. Tilsette i transport, overnatting, servering, reisebyrå og arrangørar, kunstnarisk verksemd og underhaldning, bibliotek og museum og sport og fritidsaktivitetar er rekna med i statistikken

Marginal inntekt
Arbeidsplassane i reiselivsnæringa i Bergen genererer meir enn 270 millionar i skatteinntekter. Sidan eindel tilsette i reiselivsbransjen i Bergen bur i Fjell og Sund, dryp det skatteinntekter også til desse kommunane. Samla bidreg næringa til å skaffa kommunane oppunder 27 millionar kroner i skatteinntekter, ifølgje Menon Economics.

Skatteinntektene frå turistnæringa tilsvarar kring ein prosent av det Fjell og Sund får inn årleg i personskatt.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.