Vil opna for midlertidig tilsetjing

Arbeidstakarorganisasjonane protesterer mot at Øygarden kommune skal kunna lysa ut ledige stillingar midlertidig i tida fram mot kommunesamanslåinga.

Seks av medlemmane i administrasjonsutvalet i Øygarden stemte for at kommunen bør opna for midlertidig tilsetjing på generelt grunnlag. Fire ønskjer å halda fast på prinsippet om fast tilsetjing.

Øygarden kommune bør opna for midlertidige tilsetjingar i tida fram mot kommunesamanslåinga, tilrår rådmannen i ei innstilling til kommunestyret denne veka.

Det er kommunestyret som skal ha siste ordet i saka. Då arbeidsmiljølova vart endra i 2015, gjorde kommunestyret vedtak om at Øygarden kommune framleis skal ha fast tilsetjing som prinsipp.

Ønskjer fleksibilitet
For å få utført naudsynte oppgåver i tida fram mot kommunesamanslåinga, vil det vera behov for større fleksibilitet i arbeidsstokken enn det ein kan oppnå ved faste tilsetjingar, meinar rådmann Siri Fahlvik Pettersen.

Midlertidig tilsetjing kan skje for inntil 12 månadar, på generelt grunnlag og utan å grunngje behovet for tidsavgrensa tilsetjing, ifølgje arbeidsmiljølova.

Risikerer karantene
For å hindra misbruk av ordninga, vil arbeidsgjevaren verta pålagt ein karantene, i tilfelle den midlertidige tilsette vert oppsagt etter 12-månadarsperioden.

Øygarden kommune vil i så fall ikkje kunna tilsetja nokon andre til å utføra dei same arbeidsoppgåvene det neste året.

Dei siste lovendringane opnar for at inntil 15 prosent av medarbeidarane i ein organisasjon til eikvar tid kan vera midlertidig tilsett.

Tvisynt
Rådmannen ser både fordelar og ulmper med å innføra mellombels tilsetjing.

Mellombels tilsetjing reduserer risikoen for arbeidsgjevar og kan vera ein opning inn i arbeidslivet for dei som står utanfor.

På den andre sida kan mellombels tilsetjing føra til mangel på tryggleik, redusert livskvalitet og svekka levekår for dei det gjeld.

Arbeidstakarorganisasjonane protesterer
Arbeidstakarorganisasjonane likar forslaget dårleg. Då saka vart behandla i administrasjonsutvalet, stemte fire av representantane for at prinsippet om fast tilsetjing i Øygarden kommune framleis skal gjelda.

Seks stemte for rådmannen sitt forslag om å opna for midlertidig tilsetjing.

Saka har ikkje vore drøfta med dei tillitsvalde, ifølgje rådmannen si innstilling.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.