Vestnytt mot straumen

Norske lesarar sviktar papiravisene. Vestnytt er likevel ei av dei norske avisene som har vunne flest nye lesarar siste året.

Mediebedriftenes Landsforening har i dag offentleggjort opplags- og lesartal for 2018. For fleirtalet av dei store papiravisene er tala dyster lesning.

Auke for Vestnytt
Vestnytt, og ansvarleg redaktør Marit Kalgraf, har likevel all grunn til å smila; 11.900 lesarar av papirutgåva er heile 1.000 fleire enn i fjor. Lokalavisa for Sotra og Øygarden havnar dermed på ein 10. plass over norske aviser med størst auke i talet på lesarar, ifølgje DN.no.

Aller mest auka Klassekampen, med heile 22.400 nye lesarar.

Vestnytt fekk eit godkjent opplag på totalt 6.160 aviser, papir og digitalt sett under eitt. Nye målemetodar gjer det uråd å samanlikna tala for 2018 med tidlegare år, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.

Askøyværingen
For Askøyværingen og ansvarleg redaktør tom Stian Karlsen har utviklinga gått motsett veg. Kvar utgåve av Askøyværingen vart i snitt lese av 11.200 lesarar, 100 færre enn i fjor. Avisa fekk eit godtkjent totalt opplag på 4.436 aviser, papir og nett sett under eitt.

Tredje størst i Hordaland
Norge IDAG, som har Sotrastrilen Finn Jarle Sæle som sjefredaktør, er no tredje største avisa i Hordland, målt i opplag. Med eit godtkjent opplag på 11.848, papir og digital sett samla, er det berre Bergens Tidende (81.164) og Bergensavisen (20.707) som er større. Dagen, den andre kristne avisa i fylket, kan no visa til eit opplag på 9.804.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.