Fryktar statsstøtta slaktefartøy vil flagga ut arbeidsplassar

Slaktebåten Hav-line får 20 millionar i tilskot frå Kystverket for overføring av gods frå veg til sjø. Ruth Grung (A) er bekymra fartøyet vil flagga ut arbeidsplassar.

Slaktefartøyet til Hav-line Gruppen skal levera ferdig slakta, sløya og nedkjølt fisk til utlandet. Fartøyet vil setja arbeidsplassar på land under press, fryktar stortingsrepresentant Ruth Grung (A). Fotomontasje.

Overføring av gods frå veg til sjø er ei statleg prioritering. Kystverket forvaltar ei tilskotsordning som premierer etablering av nye sjøbaserte godsruter.

Slakting om bord
Slaktebåten Hav-line, der Sekkingstad-familien eig halvparten av aksjane, er eit av tre prosjekt som deler potten på 70,4 millionar for i år.

Hav-line-fartøyet skal henta fisk direkte frå oppdrettsmerdene langs Vestlanskysten, og frakta han til terminalen i Hirtshals. Slakting, sløying og kjøling av fisken vil skje om bord, undervegs til terminalen. Første avgang er sett til 1. november. Totalt skal det overførast 212.488 tonn fisk første året.

7.000 trailarar
Hav-line Gruppen AS har frå før fått 6,55 millionar kroner i Enova-støtte til slaktefartøyet. Fartøyet vil føra til 7.000 færre trailarar på det norske vegnettet, har fornybar energiaktøren rekna ut.

Les: Slaktefartøy får Enova-støtte

Utflagging?
Sjømatnæringa har eit stort potensiale for å senda meir frakt sjøvegen, er stortingsrepresentant Ruth Grung (A) samd i. Grung er likevel bekymra for at Kystverket, ved å gje tilskot til Hav-line-fartøyet, kan koma til å bidra til at arbeidsplassar i foredlingsindustrien vert flytta ut av landet.

Arbeiderpartirepresentanten tek opp bekymringa i eit spørsmål til fiskeriminister Harald T. Nesvik.

– Slaktebåtar som leverer direkte til utlandet medfører at investeringar i arbeidsplassar knytta til slakteriverksemd og innanlandsk bearbeiding vert sette under press, hevdar Grung.

Arbeidsplassar på land
Grung er også uroleg for at båten kan verta operert med utanlandsk mannskap, og at han kan koma til å verta selde utanlands.

– Det vil gje lite motivasjon for kommunane langs kysten å stilla sjøareal til disposisjon dersom det ikkje gjev arbeidsplassar på land, hevdar Grung.

Politisk målsetjing
Verdiskaping langs kysten er eit av føremåla med akvakulturlova. Det er eit politisk mål å auka bearbeidingsgraden for å skapa fleire lønsame arbeidsplassar og auka verdiskapinga innanlands, ifølgje Grung.

Fiskeriministeren sitt svar på Ruth Grung sine bekymringar føreligg enno ikkje.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.