-Karbonfangst må inn i EU sin klimastrategi

– Fangst og lagring av CO2 bør inn i EU sin strategi for løysing av klimautfordringa verda står ovanfor, oppfordrar ei rekkje store oljeselskap i eit brev til EU-kommisjonen.

Tunge industrielle aktørar driv no lobbyverksemd ovanfor EU-kommisjonen for å få realisert mellom anna planane om eit mottaksanlegg for CO2 ved CCB Kollsnes. Arkivfoto: Øygarden kommune.

Dei leiande aktørane bak den norske CCS-satsinga, med Equinor, Total, Eni, og NHO i spissen, har fått med seg eindel internasjonale industrikonsern i påverknadsarbeidet ovanfor EU-kommisjonen.

CCB Kollsnes
Saman har dei industrielle aktørane initiert ein tung internasjonal påverknadskampanje ovanfor EU-kommisjonen for å få realisert planane, mellom anna av eit mottaksanlegg for CO2 ved CCB Kollsnes.

-Vi ber politikarane om at den same leiarskapen dei har vist i utviklinga av fornybar energi og vert brukt til å gjera fangst- og lagring av CO2-mogeleg (CCS), oppfordrar industriselskapa i det felles brevet til EU-kommisjonen.

Hydrogenproduksjon
Om oljeselskapa lukkast med CCS i stor skala, kan det innebera ein gylden sjanse for produksjon av hydrogen i stor skala frå norsk naturgass. Einkelt forklart kan naturgassen splittast til hydrogen og CO2. Hydrogen kan seljast på den europeiske marknaden, medan CO2 vert lagra i steinformasjonane under Nordsjøen.

Bruk av hydrogen saman med ein stadig større andel fornybar energi, vil kunna bidra til store reduksjonar i europeiske utslepp av klimagassar, hevdar avsendarane.

Kostnadskrevjande
CCB Kollsnes er utpeika som mottaksstad for CO2 fanga frå norske industrianlegg. Ei satsing som så langt har vore framheva som ønskjeleg, men som har fått kritikk for å vera ulønsam.

Les: CO2-mottaksanlegg til CCB Kollsnes

Les: Negativ K2-rapport om CO2-fangst

Dette håpar dei store oljeselskapa å motbevisa:

– CO2-fangst og lagring er den løysinga vi kjenner i dag som mest effektivt vil kutta tilstrekkjeleg med utslepp, samstundes som ein ivaretek utvikling og vekst i industrien, til lågast mogeleg kostnadar for samfunnet, seier internasjonal direktør Erling Kvadsheim i Norsk olje og gass som er ein av avsendarane av brevet til EU-kommisjonen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.