Ein byvekstavtale vil påverka arealpolitikken

80 prosent av den framtidige bustadbygginga i nye Øygarden bør skje i nærleiken av, og mellom kollektivknutepunkta Straume, Rong og Skogsskiftet.

Fylkesmann Lars Sponheim har teikna eit nytt Hordalandskart.  No oppfordrar han kommunestyret i Fjell til å føreslå kvar målepunkta for nullvekst i personbiltrafikken bør plasserast. Arkivbilete.

Fylkesmann Lars Sponheim var i dag invitert til kommunestyret i Fjell for å orientera om arbeidet med byvekstavtale for Bergen og kva det vil bety for arealpolitikken i nye Øygarden.

Nullvekst i personbiltrafikken
Å få til ein nullvekst i personbiltrafikken i dei store byane er Regjeringa sitt mål med dei statlege byvekstavtalene. For å nå målet, har regjeringa lagt 66 milliardar kroner i den nasjonale potten som byane kan konkurrera om.

Fylkesmannen, saman med vegdirektør Terje Moe Gustavsen og leiinga i Bergen kommune, skal no til å forhanda om 2. generasjon byvekstavtale, som utvidar satsinga til Fjell, Askøy, Os, Lindås og Meland.

Konsentrasjon i bustadbygginga
– Om vi lukkast med å plassera 80 prosent av dei nye bustadane slik at kollektivtrafikk vert eit attraktiv alternativ, har vi nådd nullvekstmålet, kunne Sponheim fortelja politikarane i Fjell.

Framtidig arealpolitikk bør leggja opp til å konsentrera bustadbygginga i tilknyting til dagens infrastruktur, og til senterområda Straume, Rong og Skogsskiftet, er fylkesmannen tydeleg på.

Eit hus eller to
Dei som ønskjer å byggja og bu i grendene skal likevel ha anledning til det, men berre i ein viss grad.

– Det må framleis vera rom for å byggja ein bustad eller to i grendene. Ein gard bør i det minste ha to hus. Det er ikkje dette som gjer utslag på trafikken, seier fylkesmannen i Hordaland.

Noko større utbygging i bygdene vil fylkesmannen likevel ikkje vera med på. Jordvernet er eit verktøy han lovar å bruka for å hindra nedbygging av dyrka jord.

Målepunkt
Diskusjonen om kvar målepunktet for nullveksten skal vera, er eit tema som vil stå sentralt i forhandlingane med Fjell og dei øvrige kommunane, og som opptek mellom anna ordførar Marianne Sandal Bjorøy (A).

– Kommunestyret i Fjell bør foreslå kvar målepunktet bør plasserast, oppfordra Sponheim.

Det nyttar
– Bilen har kome for å bli. Det er ikkje staten sin politikk at bilen skal vekk. Men det er i ferd med å verta for mange av han. Det korkar seg. Erfaring frå USA, bilen sitt heimland, viser at det ikkje er mogeleg å byggja vegar og infrastruktur like raskt som biltalet veks. Vi må framstå med ein effektiv politikk som gjer at fleir ikkje ønskjer å stå i denne køen, seier fylkesmannen.

– Køprisinga i Bergen har gjeve resultat som har vekt internasjonal merksemd. Tiltaka har gjeve ein heilt annan framkommelighet i sentrum. Det skjer fordi nokon har valgt vekk personbilen, valgt andre løysingar, eller valgt å leggja aktivitetane til andre tider på døgnet, seier Sponheim.

Gjeld framleis
Arealplanen i Fjell plasserer gule felt kringom i kommunen, til glede for einskilde utbyggjarar. Planen vart vedteken i 2015, og er i samsvar med statlege føringar. Vil arealplanen framleis gjelda med ein byvekstavtale, spurte Helge Nilsen (KrF).

– Ein vedteken kommuneplan gjeld. Det har eg stor respekt for. Men så går det eindel år, og politikken vert endra. Den vedtekne planen vert ramma av ny vedteken politikk. Kan vi få til endringar? I Øygarden legg dei opp til å kutta vedtekne bustadfelt ute i kommunen, for å få større konsentrasjon på Rong. Det er fylkesmannen villig til, seier Sponheim.

Mindre til kollektiv
Varaordførar Tom Georg Indrevik (H) ville vita konsekvensane om kommunestyret i Fjell seier «nei» til ein byvekstavale etter forhandlingane.

Auka midlar til kollektivtiltak er Regjeringa si gulrot for å få omegnkommunane til å slutta opp under ein byvekstavtale. Seier Fjell «nei», vil det få få konsekvensar, utover at det vert mindre pengar til kollektivtransport. Belønningsmidlane inngår i ein byvekstavtale, seier Sponheim.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.